MALENE BLIKKEN HAUKØY

Malene vokste opp mellom bakker, fjord og fjell i Høyanger. I 2013 ble hun historisk da hun tok Norges første verdenscup-seier i randonee. Malene er en av Norges beste kvinnelige fjelløpere og selvskreven på landslaget i randonee. Hun bor og trener i Sogndal.

For å få med neste innlegg, abonner på vårt nyhetsbrev!

Me nyt italiensk kaffi på terrassen, sola er klistra i kjakane og stemninga er lun. Me har fått forsterkningar i gruppa, Pål Ellefsen har kome som psykisk støtte for Stine og Toini Thorkeldsen med ynskje om Valentines- feiring med Lars Erik. Dagens fyrste og siste økt er overstått. Beina er litt tunge og eg ser fram til ein etterlengta fridag i morgon. Alt er tilsynelatande flott, men ein vesentleg person manglar! Vår alles Lars Erik er om dagen med oss i tankane, men fysisk er han på isolat. Toini må altså tilbringe Valentines i vårt vennlege selskap, ein god kilometer frå Lars Erik.  

LES OGSÅ: Med fjellet som arena

Me sug til oss D-vitamin ved kvar en anledning.

Det har skjedd så mangt med Lars Erik men akk så lite. Etter å ha teke verdscupen med storm i Sveits pådrog han seg ein hjerneristing som sette han ut av sporet ei god veke, inkludert verdscupen i Andorra. Han fekk med andre ord ingen verdscuppoeng den helgi, men var ein fabelaktig servicemann for meg og Stine som gjekk. Omsider slutta hovudet å dunke, og Lars Erik var som meg, Glenn Tore og Stine klare for tredje verdscup i Frankrike, Puy Saint Vincent. Individuell og vertikal stod på programmet omringa av høge fjell og solfylte sider fjellsider. Det som såg ut til å bli pudder under løypesjekken dagen ført vart klassisk «pukkelpist» under konkurransen, men det er vel å forvente når kring 100 løparar skal gjennom nesten same løype.

LES OGSÅ: Verdscup i flotte fjell og fin natur

Eg og Glenn Tore sparer på kreftene og kikkar på løypa frå heis i Puy Saint Vincent.

1500 høgdemeter skulle forserast på individuellen fordelt på 5 stigninar. Eg hadde ein frykteleg tung start! Sjeldan har eg heve så desperat etter pusten dei fyste 200 høgdemetera, og sjeldan har det sett så mørkt ut. Men ting lausna sakte men sikkert, og jobba meg oppover. Kroppen føltes etter kvart bra, og når eg på tredje stigning høyrte Lars Erik på venstre side lurte eg eit kort augeblikk på om eg hadde teke han igjen. Gjekk er verkeleg så fort?

Neida, Lars Erik hadde gått på sin fyrste klassesmell, og kroppen sa stopp. Han var hyggeleg og prega etter målgang tross DNF. Eg trur verken eg eller han hadde sett for oss at han nokon gong i karrieren skulle bryte, men det som skjedde dagen derpå gav oss svar på kvifor kroppen hans truleg gav opp.

Individuellen gjekk som sagt trått i starten, men ting lausna gradvis. I ettertid tenkjer eg at eg truleg varma litt dårlieg opp med tanke på start på 2100 moh og -8 grader.  Stine følte seg bra, men hadde litt utfordringar nedover. Ho jobba seg oppover i oppoverbakkane, men tapte dessverre litt nedover. Glenn Tore var også nøgd med sitt løp, kontrollert start og gradvis auke.
Me vakna fredag morgon til -10 men blå himmel. Etter havregryn på flaske og kaffi på senga kunne Lars Erik meddele at noko var feil. Han var kvalm og følte seg dårleg. Me andre kom oss til start, medan Lars Erik fekk det travelt med å komme seg på toalettet. Det vert ufint av meg å gå inn på detaljer her, men frå kjelda sjølv har alt han har fått i seg komt fort ut igjen i begge endar. Om det var smittsamt eller om det har vore dårlege sardiner han har fått i seg er uvisst, men me tok alle forhandreglar, og ingen har sidan 9. Februar rørt Lars Erik.

Lars Erik svergar til sardiner på brødskiva, men kan dei små kreka ha vore rota til den trøblete magen?

Vertikalen vart seig for min del. Mentalt var eg ikkje «Fit for fight» og gjekk heile vegen med ein følelse av likegyldighet. Det funkar dårleg under eit slik smertehelvete, og resultatet vart deretter. Stine og Glenn Tore var derimot Happy.

Eg følte dessverre at eg la igjen ein middelmådig innsats under vertikalen. Foto: Lars Erik Skjervheim

Til tross for ein litt skuffande prestasjon i Frankrike er eg positiv til sinns. Det er i underkant av 2 veker til EM, og håpet er at ein slags propp skal lausne, og at farta renn ut! For å vere ærleg har verdscupane så langt gått litt tråare enn håpa. Eg hadde spesielt trua på verdscupen i Frankrike som kom etter eit lengre høgdeopphald samt ei rekke konkurransar. Det er spesielt lungene som ikkje føles heilt bra. Kva som ikkje har gått etter planen er uvisst, kosta det for mykje å bu på 2100 moh i Sestriere? Har trening så langt vore litt tøff for lungene i høgda?   

5 dagar har gått sidan me forlot Puy Saint Vincent. Rastlause som me er pakka me raskt baggen etter vertikalen og sette kursen mot Italia og Arabba. 2 små bilar skulle delast på 5 inkludert overdrive mykje bagasje. Kabalen vart enkel: Me fire friske i ein bil, og Lars Erik med laus mage, eit par pakkar koltablettar og bagasje i den andre.

Medan me storkosa oss i det som i mine auge er den finaste plassen eg har vore på forutan om Sogndal sjølvsagt, har Lars Erik vore utstøytt frå flokken. Det som skulle verte eit kanon høgde- og konkurranseopphald for oss har vorte eit mareritt for vossingen. Alt av peng, energi og tid er brukt til å prestere mellom Januar og April, og 2-3 veker har brutalt vorte øydelagt for Lars Erik. Me andre kosar oss sjølvsagt med nye fjell, sol og eventyr, men det er med litt bismak når me tenkjer på han stakkars som sit aleine i ein liten leiligheit og et på sardiner og ser Netflix. Men om det er ein som kan reise seg frå grøfta så er det Lars Erik. Lur som ein rev, sterk som ein bjørn.

Treningsfasiliteten har i Dolomittane kan ikkje besrivast med ord, fantastisk snø og eit hav av moglegheiter!

Frå Mars av set La Grand Course i sving, dette er langløpscupen i randoneè. Cupen går over 4 renn og er ein lagkonkurranse. Dette er lange løp frå ein til fleire dagar og er som formsydd for Lars Erik, og litt meg. Det er svært tekniske løyper, eksponert, bratt, langt og noko av det flottaste eg har vore med på. Det er som Birken eller Vasaloppet på langrenn, berre kult. Mange tusen deltakarar kjempar seg oppover fjellsidene, over smale ryggar med via Ferrata, over brear i tau og sele, og ned bratte renner. Alt i trikot og med lett utstyr sjølvsagt.

La Grand Course:

  • Altitoy Ternua – 2 dagar, 2 pers per lag, 5000 høgdemeter (Pyrineene)
  • Pierra Menta – 4 dagar, 2 pers per lag, 10 000 høgdemeter (Alpane)
  • Tour de Rutor – 3 dagar, 2 pers per lag, 7000 høgdemeter (Alpane)
  • Patrouille des Glaciers – 1 dag, 3 pers per lag, 3990 høgdemter (Alpane)

Om 2 rolege dagar tek me turen til Tambre i Italia der heile gjengen skal gå ein 3 dagers lagkonkurranse, Transcavallo. Eg og Stine skal kjempe saman, Glenn Tore har fått ein tildelt ein meget sprek italiensk baker som kan eit par engelske strofer og Lars Erik skal konkurrere saman med sin trufaste partner i La Grand Course, Filippo. Dette vert siste krampetrekning før nye 3 dager med beina høgt og pulsen låg før EM på Sicilia. For utanom Transcavalla er planen å spare pust, puls og «power» mest mogleg, og håper at nokre særdeles rolege dagar skal opne proppen slik at overskot og fart renne ut.

Foto: Pål Ellefsen

Omsider føler Lars Erik seg fastare i fisken, og sambuaren Toini forlatt oss til hans fordel. Vossingen er offisielt velkommen i gjengen igjen. Han er lettare enn nokon gong, kanskje vert det ein fordel om 2 dagar i Transcavallo?

Resultat i verdscup så langt

1.Verdscup (villars Sur Ollon) – Individuell (sprit avlyst)

Stine: 30.plass

Malene: 20.plass

Glenn Tore: 40.plass

Lars Erik: 25.plass

2. verscup (Andorra) – Vertikal (individuell avlyst)

Stine: 21.plass

Malene: 16.plass

3. Verdscup (Puy Saint Vincet) – individuell (I) og vertikal (V)

Stine: 25.plass (I) – 20.plass (V)

Malene: 17.plass (I) – 19.plass (V)

Glenn Tore: 41.plass (I) – 40.plass (V)