MALENE HAUKØY

Malene vokste opp mellom bakker, fjord og fjell i Høyanger. I 2013 ble hun historisk da hun tok Norges første verdenscup-seier i randonee. Malene er en av Norges beste kvinnelige fjelløpere og selvskreven på landslaget i randonee. Hun bor og trener i Sogndal.

For å få med neste innlegg, abonner på vårt nyhetsbrev!

Dagen i dag er av den gode sorten. Bortsett frå solbrent nase, nomne tær, mykje utsyr å rydde opp i og sandpapir på auga føler eg meg «fresh».  Gode 24 timar tidlegare sang beina på siste verset og eg var i ferd med å passere 15 000 hm på randoneèski. Opp og ned, opp og ned, opp og ned ........  Myrkdalen viste seg frå si beste side, nytrakka løype (berre for oss), herleg mat og sjølvsagt sol. Lokaliteten var perfekt for forsøket.

Kari Traa-trekket + litt til er 460 høgdemeter. Eg kjenner no kvar ein meter, og føler meg trygg på at eg ikkje kjem til å gå opp den bakken på ei stund. I løpet av 24 timar fekk eg mine rundar der. I botn hadde me telt med felle- og ski preppeutstyr og nokre strenge karar som piska oss i gong igjen. Det var ingen kjære mor, og lite medkjensle å få.

Gira på randonee? Les alt hos Fri Flyt

Lite viste me om kva som venta oss her 2 sek. etter start. Berre 23 timar, 59minutt og 58sekund igjen... Foto: Haakon Lundkvist

STOR takk til støtteapparatet som haldt koken i 24timar og måtte finne seg i dårlig humør, kjefting og syting. Foto: Haakon Lundkvist

200hm opp i bakken fant me drikkestasjonen. Her var det uteservering av pils (alkoholfritt såleis), vatn, blå og gul sportsdrikk og 2stk. Fantastiske supportarar! Det var i periodar vanskeleg å komme seg vidare grunna triveleg selskap.
Vel opp på toppen fant me buffeen servert av Toini og Kristina. Dei tvihaldt på noteringasblokka og maten i vindkasta, og var sjølv ikledd jervenduk og alt det dei hadde med seg opp. Her kunne me forsyne oss grovt av brødmat, mjølk og havremjøl, smoothie, div. sjokoladar, «cramp pills» (salttablettar) eller «crab sticks» som eg lenge trudde det var, og chips. Her var det omsorg å få! Sjølv var eg meget nøgd med servisen på toppen, men Lars Erik og Glenn Tore var strengare med dei to damene, og fant stadig småfeil å rette på. Alt i frå kork på flaska til dårleg matterekning undervegs. Det er godt dei to var tjukt smørt inn i tålmod.

Glenn Tore på toppen saman med Kristina og Toini. Foto: Haakon Lundkvist

Step by step ....

24 timar er jævleg lenge! Det tenkte eg titt og ofte. Alt byrja så lett og fint. Fyrste runda trava eg saman med gutta til toppen og me var alle med godt mot. Etter nesten 5000hm tok Lars Erik meg igjen fyrste gong. Han var framleis positiv og lett til beins. Det same var eg. Eg låg godt an til rekorden på 10 000hm.

Etter kvart som solnedgong og nattemørket tok oss vart beina tyngre og humøret mørkare. Det var så sinnsjukt langt igjen. Eg trur eg nytta hovudlykta 2 timar før det på ny byrja å bli raudt på himmelen kring Kristina og Toini på toppen. Auga verka og eg hadde store problem med å halde meg vaken. Beina var framleis Ok. Eg tok meg 10minutt under soveposen i teltet i botn, men eg vart fort stressa då eg høyrte vossingen på veg mot ny runde. Dessutan var stolen eg sov på taktisk lite behageleg å sove på.

Så fort eg hadde fått av fellene og ete litt mat gløymde eg fort kor kjipt alt hadde vore 1 minutt tidlegare. Eg var raskt klar for ei ny runde. Foto: Haakon Lundkvist

Soloppgangen og stadig lysare tider sånn i halv 4- 4 tida gav ørlite ny giv, men den forsvant fort. Det var 11 timar igjen ...

Lars Erik på toppen, ca. 15 sek. før har har ete og er på veg ned igjen. Foto: Haakon Lundkvist

Det var ein stor milepåle å nå 10 000hm etter 13 timar. Den gamle kvinnerekorden. På toppen feira eg med skive med peanøttsmør og Nugatti, medan eg i botn var tvunge i drikke frå ein særs streng Håkon Klerud. Eg fekk så fekk klar beskjed frå pappa og Mikkel Frodahl om å komme meg vidare.

på`an igjen etter eit raskt skobytte ..... Foto: Haakon Lundkvist

Deretter telde eg 1000 meter for 1000 meter, sakte men sikkert. Eg gjentok stadig til meg sjølv at dette var mentalt. Kroppen klarar meir. I korte periodar trudde eg på det, men den vetle styggen på ryggen freista med pausar og kvile.

Det var ikkje lenger noko sprut over Lars Erik når han tøffa forbi. Han halta seg oppover med ein skeiv grimase. I ettertid viste deg seg å vere pissepause i fart som var årsaka til haltinga. Det er klart at eg taper litt tid der samanlikna med Lars Erik. Det er ikkje lett som jente å pisse i fart, men det er noko som skal øvast på til seinare prosjekt!

Kvar runde var lik, på med feller i botn, kanskje ei sup drikke dersom Håkon var på plass. Drikkestasjon halveges og mat på toppen. Sjølv blir eg fort lei av ting som eg likt, og eg kjente godt til keisemda i periodar midtvegs. For å sprite opp stemninga prata eg med lemmen som hissig spratt forbi. Som belønning etter gått 6000hm unna eg meg musikk på øyret. Det hjalp litt fram til at eg hadde høyrt gjennom spelelista nokre gongar og var lei den og. Favoritten var «Kunsten å gå» av Odd Nordstoga, ironisk nok.

Solnedgong eller soloppgong "same same", tida mellom var svært kort, men fint var det! Foto: Haakon Lundkvist

Utover morgonkvisten dukka det stadig opp nye fjes langs løypa. Eg vil ikkje sei at det strauma til, men litt folk kom det, og det betydde mykje for meg. Dei siste 3 timane gav eg klar beskjed til damene på toppen at dette vert nest siste tur, og vidare siste tur. Jeggu vart det ein aller siste bonustur til toppen takka verer oppmuntring i skiftesona i botn! Ergo 460hm ekstra! Attpåtil var siste runda truleg den raskaste det døgnet!

Eg var truleg ikkje den einaste som var sleten mot slutten. Lars Erik får her rumpemasasje medan han legg på feller. Ein meget ettertrakta jobb! Foto: Haakon Lundkvist

På siste topp viste klokka og teljarane våre 15 440! Den gamle kvinnerekorden så vidt me veit var på 10 000. Der og da var følelsen av å kunne setje seg ned betre enn å ha slått rekorden. Eg snitta 643 høgdemeter i timen inkluder alle bytter, pissepause, nedkjøring og div.

Vel i mål etter 24 timar smiler Lars Erik frå øyre til øyre. «Sjå klokka da, eg klarte å stoppe ho på presist 24.00.00.00». I tillegg til å vere strålande nøgd med eigne trykkeferdigheiter på klokka var Lars Erik no verdsrekordhaldar!! Lars Erik Skjervheim, villdyret frå Voss knuste resterande verdsrekord med 2284 meter og har no rekorden på, hald deg fast, 20 939. Ein rekord sjølv Kilian skal få svette litt med å slå! Lars Erik gjekk i snitt 872 høgdemeter i timen.

#DenFølelsenNårDuSnartHarGått20000Mm Foto: Haakon Lundkvist

Glenn Tore Løland, slitar og komet frå Sauda klamra seg fast i Skjervheimen og overraska stort! Etter ein liten «low» periode midt i prosjektet viste Glennis seg frå si råaste side, og gjekk likså godt forbi Lars Erik. Han sa ikkje mykje, berre gjekk. Den tidlegare verdsrekorden på herresida som fekk stå i fred i litt over 2 månadar vart også knust av Glenn Tore. Den gamle rekorden var på 18 645, og Glenn Tore stoppa på 19 123! Glenn Tore snitta 796 høgdemeter i timen.

Glenn Tore får nytørka feller før ei ny runde opp. Snøen var dyvåt, og våte feller vert tunge og glatte. Foto: HaakoLundkvist

Me var alle einige undervegs om at dette var ein dårleg ide, men me kan ikkje anna enn smile i ettertid av prosjektet. For ei rå oppleving. Tenk å vere i stand til  gjennomføre noko slikt. Ein stor takk til 2 stk. velfungerande bein og eit hovud som ikkje gav seg. Eg hadde ikkje klar meg utan. Eg er stolt over meg sjølv, Lars Erik og Glenn Tore og uendeleg takksam for hjelpa me fekk undervegs. Alt for utanom det å gå og slite gjekk smertefritt. Eg trengde ikkje bekymre meg for å ha bilete av meg sjølv i etterkant, mat vart servert på sølvfat og det var knapt eit sekund  tape på drikkestasjonen.

Les Fri Flyts siste nyheter om topptur her

Takk for opplevinga venner! Foto: Haakon Lundkvist

Eit verdsrekordforsøk vart til 2 eller 3stk. VERDSREKORDAR!