MALENE HAUKØY

Malene (25) vokste opp mellom bakker, fjord og fjell i Høyanger. I 2013 ble hun historisk da hun tok Norges første verdenscup-seier i randonee. Malene er en av Norges beste kvinnelige fjelløpere og tilhører landslaget i randonee. Hun bor og trener i Sogndal, og studerer praktisk pedagogikk ved HiSF ved siden av landslagsatsingen.

For å få med neste innlegg, abonner på vårt nyhetsbrev

Me var langt ifrå fyrst på ski denne sesongen, og det kribla godt i randorøva når det vart posta pudderbilete ein god time frå heimen min i Sogndal allereie tidleg i oktober. Nokre dagar etter kom årets konkurranseski og vnterens outfit i posten. På toppen av freistingane turnerer Fri Flyt rundt om i landet å tenner skikåte sjeler med feeeet skifilm. Ein vil helst ha den fyrste svingen på Instagram, og aller minst gå glipp av gledesfylt skikøyring men eg veit at det vert ein lang sesong, og at eg godt ut i mai er drit lei rosa og grøne ski. Difor er det berre å nyte følelsen av sakn og iver etter å komme seg på ski, den som venter på noko godt ......

20-23. oktober var det altså duka for landslagssamling i randoneè på snø for fyrste gong denne vinteren, og oppmøtestad var Sognefjellet og Fanaråkbreen. Ein klassisk «fyrste skitur for sesongen plass». Grunna den årlege snua var me to i manko under denne samlinga, Sondre og Lars Erik, men tidlegare landslagsutøvar Håkon Klerud melde seg på dansen, og var eit frisk pust blant mykje vind på Sognefjellet denne helgi. Været var litt så som så, men me var langt frå aleine til fjells, hundrevis av desorienterte men sinte lemmen og nokre skilauparar tok turen saman med oss mot Steindalsnosi og Fanaråken denne helgi. 

Les også: Nye ski og bindinger fra Dynafit

Vær og føre spela lite rolle under samlinga på Sognefjellet, gelda ved å endeleg vere på ski var stor! Foto: Håkon Klerud

Det er lett å verte ivrig samt la seg påverke av andre overivrige entusiastar tidleg på sesongen. For min del vart det litt av problemet denne sommaren, der overgangen frå ski til løp vart litt brå, noko som resulterte i ein liten betennese under foten. Eg prøver å fortelje meg sjølv at dette har eg lært av, og at overgangen til ski no skal gå gradvis, og at opptreninga mot vinteren er særs viktig. Med opptrening meiner eg ein heil del balanse og stabilitetstreninig samt timar i motbakke med staver og med og utan vekt på beina. Det er oppriktig traust og keisamt til tider men eg håpar å få betalt i ein velfungerande kropp som tåler mykje trening når den verkeleg gode snøen kjem. Som eit resultat av at eg trøbla litt i Juni denne sommaren og tok problema litt seint på alvor, skal eg lytte meir og betre på eventuelle fareteikn. Små problem kan verte store om ein ignorerer dei. #etterpåsmart

Se også: Andrzej Bargiel kjøre ned fra K2

Heldigvis finst det ikkje dårlig vær! God sikt og fin snø er for pyser.

Som ein liten "kick start" på vinteren prioriterte me mykje timar på snø denne fyrste treningshelgi. Me var som 5åringar i ein godtebutikk da me klikka på oss skia og tok dei fyrste stega oppover breen. På toppen jubla me overdreve over halvgod snø og dårleg sikt. Stilen var såpass rusten at eg er glad me hadde breen mykje for oss sjølv den helgi, men humøret var på topp. Det er utrulig kva eit avbrekk kan gjere med motivasjonen og gleda. Det slår meg gang på gang kor godt eg har av sommar utan ski nettopp for å kjenne på lengselen.

Glede, glede, glede, strømmer innenifra .... Foto: Håkon Klerud

Planen for samlinga var som følge:

Fredag: 2.økt: Innkjøringsøkt på ski rolig (2t)

Laurdag: 1.økt: 6x8 min på ski (3t), 2.økt: Rolig løp i fjellet (2t)

Søndag: 1.økt: Rolig langtur på ski (5t), 2.økt: Styrke

Mandag: 1.økt: 4x10 min på ski (3t)

Opplegget vart fulgt til punkt og prikk, og eg fekk meg ein god treningsveke med 23 timar der kring 12t av dei var med snø under snuta. Det er nettopp timar og mengde som er i fokus for meg dei kommande månadane. 

Samlinga vart ein suksess sjølv utan skøyaren Lars Erik og urokråka Sondre. Dei var sjølvsagt høgt sakna, og utan Skjervisen vart det mindre kvitlauk i maten enn vanleg, me kunne gje oss før me hadde gått 3000 hm på langøkta og det var ingen å vente på ved avreise til trening. Det var heilt klart noko som mangla.

Me fekk testa kroppen i den bevegelsesforma me skal gå fort i denne vinteren, og eg fekk konstantert at det framleis er ein veg å gå før toppfarten er inne. No vert det nokre einsame treningstimar framover. Eg vert å finne i motbakkane kring Sogndal med vekter rundt anklane og raske stavar, eller på Spenst i slynga eller på balanseputa. 

Eg har ellers studert alle eldgamle værteikn. Snøen kjem tidlig i år, og det i store mengder! 

Les også: Fri Flyt sine nyheter og tips om Randonee