MANASLU, 8163 moh. Kvar: Fjellet ligger i Mansiri Himal, eller Gorkha-massivet, ein fjellkjede nordvest i Nepal. Navnet «Manaslu» kommer fra sanskrit Manasa, som betyr «Åndenes fjell». Kvifor: Dei fleste vil nok kalle dette ein høgfjellsekspedisjon. Eg vil heller definere det som ein tur der nye venskap, erfaringar og draumar blir skapt. Ordet ekspedisjon klarar ikkje å definere alt anna ein tur inneber, som det å kunne nyte tilværelsen blant risikofylte dagar, tunge timar i laussnø og krevande timar rundt det å klatre ein 8000 meterstopp. Ein tur er ikkje vellukka om ein ikkje kjenner det i magemusklane og kinna etter latterkrampe i teltet med fantastiske folk!  Ruta: Ei veke med trekking gjennom landsbyar og frodige dalar. Me fulgte Gandaki-elva, her me måtte forsere eit fjellpass på 5101 meter før basecamp venta på oss. Basecamp ligger på 4800 moh. Frå hovudcampen skal me bli vant med høgden, herfrå går me i rotasjon opp i fjellet opp til fire campar, før toppen kallar. Tidsbruk: 30 dagar, 46 dagar til disposisjon.   Når: September – oktober  Ein kvelande tanke slår meg gjennom natta. Oksygentanken er tom, ute bles og ular det som tre ulvar og temperaturen tilseier blå grader. Utan oksygentilførsel på 7400 meter gjennom natta kan medføre hovudverk, ubehag og vidare høgdesjuke. Etter vel tre veker i Himalaya er kroppane våre forhåpentlegvis akklimatisert nok til å tåle påkjenningane høgden på 8000 meter vil påføre lunger, hjarte og musklar. For å bli godt nok akklimatisert har me vandra opp og ned på fjellet. Gjennom brefall, forsert djupe issprekker, og overnatta på forskjellige høgder. Ettersom me har gjennomført rotasjonar i fjellet, har ein etter ein i gruppa droppa ut. Forskjellige grunnar som utmattelse og sjukdom har påført kroppen så stor påkjenning at me no berre er fire stykker igjen av gruppa som i begynnelsen var 7 stykker. Det er fortsatt mange i fjellet som aldri skulle vore her etter mitt syn. Sidan me alle deler same tauet i fjellet er det farleg at folk utan erfaring er her. Det er personar som er så utmatta at dei ikkje klarar å ta vare på seg sjølv. Dei heng i taua og påfører unødvendig belasting på ankera som taua er festa i, det er folk som ikkje klarar å gå på grunn av utmatting. Der fokuset er berre toppen og ikkje at dei skal ned igjen frå fjellet. Dett ein i tauet, vil resten av følget på kanskje 30 og opp til 50 stykke følgje etter, ankera er ikkje laga for så stor påkjenningar.  MER OM MOA • Draumefangaren • Gjennom Nordvestpassasjen • Årets rookie 2016  Etter første rotasjon og trening var me klare for basecamp igjen. Kvile, mat og restitusjon stod for tur. Ein rask prat med ekspedisjonsleiaren Mingma ga uttrykk for at toppstøtet ikkje var langt unna. Hovudleiren var i full sving med førebuingar, veret var klarert med snø, men forbedringane ville komme i løp av toppforsøket, maten blei pakka og sherpane var i full gong med å bere opp utstyr opp fjellet.  Camp ein er første stopp før toppen. Eg har ein regel: For kvar 1000 meter drikk eg ein liter vatn. Camp ein ligg på 5700 meter, då drikk eg tett opp mot 6 liter. Matlysten forsvinn for kvar høgdemeter eg forserer. På ein heil dag med øksing i isveggen så kan ein halv sjokolade vere meir enn nok av kva ein klara å få i seg, så all energi bør vera så og seie drikkande om ein skal få det i seg. Vidare til camp 2 må ein opp eit brefall, her venter vertikale isvegger på besøk. Aluminiumssstigar som lagar veg over mange hundre meter djupe isbrekker, hengebrear som me spring fort under og isskulpturar me må balansere på med 14-tagga stegjern for å få godt nok feste på isen. Camp 2 er ein av dei mest utsette campane. Detta grunna stor rasfare, ein hengebre ovenfor campen. Ettersom forholda var gode valgte me å overnatte her. Me telta på ei ishylla midt mellom ei stor issprekk og ein hengebre. Mange søv nok uroleg her gjennom natta. Eg derimot sovnar sjølvsagt som ein stein og vaknar heller ikkje av enkelte skred gjennom natta. LES OGSÅ: Etter skjelvetDagen etter var det å forsette mot Camp 3. Dei fleste startar med oksygentilførsel her, men eg ønska å sjå korleis kroppen fungerte i høgden. Vegen til neste leir er forholdsvis fin, ein vertikal isvegg og ellers bratt, men fint terreng. Høgden er meir utfordringa enn terrenget. Eit skritt og eit kvile skritt, det skal ikkje mykje til for at pulsen går i taket. Ein tur på do kan kosta eit heilt dagsverk nede på havninvå. Livet i høgden er å klara å balansere energien. Presse seg passe nok til at ein ikkje slit seg ut, som er ein hårfin balanse.  Camp 3 er ein fin camp under fjellet før eit bratt parti opp mot camp 4. Herfrå er veret som regel hardført. Sterk vind. Frå no av ser alle ut som om vi er på månen, iført store dundressar, med masker som ser ut som skodespelarane frå filmen Star Wars. Herfrå og inn mot toppen går det fort, her skal ein bruke minst mogleg tid i høgden, ellers vil kroppen bli brutt ned litt etter litt, til slutt vil ein bli utmatta og ikkje kunne ta vara på seg sjølv. Eit tragisk bevis på dette var ein frykteleg ulykke, då ein britisk mann i 40-åra omkom på grunn av dårlege leiarar og avgjerder i ein av dei organiserte gruppene i fjellet. Små feil og val i slike høgder kan få ufine utfall. Ein reise ikkje med «billeg» selskap når små utfall kan få fatale konsekvenser.  Gjennom natta i camp 3 sov eg med oksygen. Det sterkaste stoffene eg har vore borti er ein god dram, så å gå på O2 i ei høyde opp mot 7000 meter var som å sveva på skyer! Blodet strøyma fortare i blodet, matlysten komme tilbake og eg klart å sovna i djup søvn!Dagen etter vakna eg med ein energi uten liiiike! Slukte i meg mat, på med dundressen og spenna fast stegjerna... også ein liten joik for teamet! Klar for camp 4 og nye tusen meter! Første hundre metrane opp mot nye høgder gjekk av med å få ut energi! Kan vel trygt sei det blei meir joik og sprell på veien! Trøtte sjeler såg vel på meg med hånlige auge ... Men det brydde Moa seg lite av med! Eg var i Himalaya og gjorde akkurat det eg elskar! Få vere på tur med gode venner, og nyta utsiktene fleire tusen meter over havet. Livet! I camp! Svolten og vitande om at om nokon timar var det klart for toppstøt. Dei fleste er slitne og sjanglar før dei får stabla seg inn i telta. No er det berre å få i seg mat, drikke og kvila! Natta skal tilbringast med oksygen. Ein kvelande tanke slår meg. Frykteleg tungt å pusta. Eg sjekkar tanken og den er tom. Tydelegvis har eg pusta og blåst i ei gummimaska uten tilførsel av oksygen. Heldigvis viser det seg at eg er veldig godt akklimatisert å kjenne ikkje noko skade av å mangel på O2. Klokka er rett rundt midnatt og det er tid for å gjera seg klar for toppen! Ein topp som strekker seg heile 8163 meter over havet! Som lagleder var det å fyre i gong ein joik og laga god stemning i telta. Det er ingen grunn i å vere blant dessa bratte terrenga uten å ha det fint og kjekt! For andre blei det kanskje litt tidleg å gape på samisk, men atter ein gong så er eg vel ikkje av den sorten som tek hensyn til andre meinigar, pleier fint å kjøra min egen stil!  Stegjern på, dundress på og sjokolade i indrelomma. Då er me klar for det meste! Eg gjekk i lag med to sherpaer, som derimot hadde bestemt seg for å bli først på toppen! Dei pakka norske flagget og flagget frå Nepal i sekken, og langa ut sjølv med dei korte beina. Sherpaer er eit folkeslag frå Nepal som oftast er fødd på fleire tusen menter over havet. Fantastisk folkegruppe! Dei er som regel alltid smilande, sterke, og ikkje minst vanvittig dyktige og utholdande i høgden. Så viss ein sherpa bestemmer seg for skru opp farten med oksygentilførsel så er det berre til å utnytte dei nordiske lange beina ein er fødde med og ønska seg sjøl lykke til!  Dei første hundre høgdemeterane går med å stabla seg fram i mørke og finne taua. Med hodelykt går det nok så radig. Ei toppnatt er det verste og det finaste ein kan oppleve! Utsikten frå 8000 meter over havet får deg nesten til å grina! Det er så vanvittig nydeligt! Først sprer det gula lyset mellom tindane seg før sola reise seg frå dalane og brer rosa, raudlig lys før det blir laga om til nydelig blå himmel. Du kikka opp i nokre sekund før du kavar deg oppover mot toppen. Målet du har jobba for i tre veker. Me går forbi folk, klippe ut av tauet og klippe inn igjen. Sikkerheit først, ein feil kan resultera i tragiske utfall. I fjor klippa ein japaner seg ut av tauet for å få muligheten til å ta ein betre bilete. Han mista balansen og sklei utafor ein skrens, og dessverre mista livet. Me fortsette oppover. Eit steg og eit kvilesteg. Me er ein av dei første på vegen til toppen. Eg blir veldig overraska at me berre er få steg frå toppen når eg kikkar opp. Eg forstår ikkje at alt har gått så glatt og lett! Det gir meg gode tankar og sjølvtilit om planane mine til våren. Då planen min er å bli Norges yngste til toppen av verdas tak, Mount Everest.  Dei siste metrane tek eg av meg oksygenmaska. Å pusta på 8163 meter trudde eg skulle vara uutholdelig, men det var det heller ikkje. Det skal seiast at eg ikkje småjogga oppå der, men allikevel. Toppen blei feira med mine gode sherpavenner! Me tok bilder, eg joika og dei song på nepalsk! Me var kanskje på toppen i 6 minutt før me klippa oss inn i taua igjen og begynte på returen igjen! Merkeleg at ein bruker 3 veker på å nå ein topp som ein brukar 6 minutt på. Denne livsstilen er for spesielt intresserte.. På veg ned var det å nyte utsikten som gjekk inn til Nepal og Kina. Helsa og snakka med ukjende og kjende folk, dela ut lykkeønskingar. Dei fleste tenke at når ein har nådd toppen så er målet nådd. Dei fleste ulykker skjer på veg ned. Fordi fokus har vore på toppen i fleire veker, vert det fort gløymt at ein skal ned igjen også. På veg ned heng folk i taua og er heilt utmatta! Heilt ferdige! Opp til fleire gonger måtte eg hjelpe mange med å klippe seg ut og halde dei fast slik dei ikkje skulle skli utfor då dei hadde klippa seg ut av taua. Blanke auge og merkeleg oppførsel kan ofte oppstå i høgden. På veg ned klappa eg ein kar på skuldra å spurte korleis det gjekk med han. Han sløva med språket og klappa guiden sin i ansiktet. Han stabla seg på beina igjen og gjekk som han hadde hatt seg ein dugeleg tur på ein bygdepub! Det er vanvittig mange flinke og dyktige vestlige folk her også, men frykteleg mange med pengar og ingen erfaring eller innsikt i egen helse. Som igjen skape farlige situasjonar for sherpafolket og dei vestlege. Men igjen er det slik Nepal tjener pengar, som brødfør mange familiar, ettersom Nepal er eit av verdas fattigaste land. Etter at alle kom ned frå toppen, vi var tre stykker som nådde toppen av 7 stykker i gruppa, det vart kvitløksuppe og high five, så gjorde me oss klar for basecamp! 17 timers gange med toppforsøket mot meir sivilisasjon og pizza! Trygt nede i basecamp med cola, pizza og øl på menyen! Eg ringde heim på satelittelefonen for å forsikre familie og venner om at toppen var nådd og målet var nådd ved å komma trygt opp og ned frå fjellet!   Forskjellen med å klatra høge fjell og gå på lange skiturar er den tomme kjensla etter at målet er nådd. Følte ingen stor glede etter eg var nede igjen frå toppen, følte egentlig ikkje så mykje. Tankane gjekk heller til den grusomme ulykke så hadde ramma bygda mi få dagar tidlegare, med ein ung mann som omkom etter ei fallulykke. Han var ein ildsjel i nærmiljøet og heile bygda var i sorg og medkjensle etter dei som stod han nærmast. Det gir litt perspektiv der eg, viss ein sett det på spissen, søke risiko, og andre lev meir eller mindre eit normalt liv men havne opp i grusomme situasjonar. Grunnen er vel at eg lever det livet eg meiner er det beste for meg, og det som gjer meg lykkeleg. Derfor synes eg at alle bør leve det livet som fell naturleg for seg sjølv og nyte dei dagane me har her på jorda, same kva form det skulle vere. Planen min er å fortsette i det sporet eg er i no og forhåpentlegvis søke tilbake til Nepal for å klatre verdas høgaste fjell, Mount Everest. Toppen går til minne om Anton Holten, ei gledesstråla frå Vikedal. Du kan følge Moa på turen til Everest her