Ein julidag i 2014 står Sondre Kvambekk på toppen av Søre Dyrhaugstind. Han har nettopp lagt bak seg tidenes tindemaraton. I løpet av dei siste 19 timane har han bestige alle dei 23 toppane over 2000 meter i Hurrungane. I fjor gjekk Robert Caspersen på ski over Grønland. Med racingski. Tida? 6 dagar, 22 timar og 20 minuttar. Og du hugsar kanskje dei spektakulære stunta på Svolværgeita frå sist sommar.Sjølvsagt representerer ikkje desse eksempla den jamne nordmann, men det kan verke som vi har fått det meir travelt enn før. Som om friluftslivet blir meir ekstremt, meir spektakulært. Vi snakkar stadig om eventyr, ekspedisjonar og prestasjonar. Skal ikkje naturen vere ein stad kor vi går sakte, ser på gnistrane frå bålet som dansar i lufta og høyrer vinden rasle i trea? Ein stad kor vi nettopp slepp å jage og bli målt på korleis vi presterer?Det er i motbakke det går oppoverFor 10 år sidan eksisterte det knapt motbakkeløp, i år blir det arrangert over 200. Bjørn Johannessen, terminliste-redaktør i Kondis, påpeiker likevel at det i mange av motbakkeløpa er eigne tur/trim-klassar utan tidtaking kor folk går heile vegen til toppen.– Turklassane har ofte like mange eller fleire deltakarar enn konkurranseklassane kor dei kjempar om tid og plasseringar. Dette gjeld spesielt i motbakkeløp kor løpet er ei stor naturoppleving, som typiske løp på Vestlandet som Skåla Opp, Gullfjellet Opp, Fanaråken Opp og Storehesten Opp.Det har også vore ei aukande interesse for ultraløp i fjellet. Ei interesse han trur kjem frå Sør- og Mellom-Europa kor det blant anna i Alpane er svært populært med lange løp i fjella. I fjor var Johannessen i Chamonix på Ultra-Trail du Mont Blanc. Eit krevjande løp på med lengste distanse på rundt 166 kilometer. – Når eg såg mange av deltakarane i desse løpa, så slo det meg at dette ikkje var det ein typisk forbinder med «løparar», men heller «gamle fjellfolk» som er vane med å vere mykje ute på lange turar i fjellet. Det kan vere freistande å knytte rekreasjon opp mot roleg tempo og prestasjon mot høgt tempo – fartsdress versus anorakk. Men er det eigentleg så enkelt?– Eg meiner rekreasjon og prestasjon er to sider av same sak. Korleis folk ynskjer å oppleve og nyte naturen avheng av personlegdom og fysisk form. Eg trur dei som spring også vil seie at dei opplev springeturen/konkurransen som rekreasjon kor dei får «reinsa» hovudet samtidig som dei er i fysisk aktivitet, seier Johannessen.  Sportifisering av friluftslivetGunnar Breivik er professor i samfunnsvitskaplege fag ved Norges idrettshøgskule. Han meiner friluftslivet er sportifisert. – Vi har hatt ein tendens til å seie at prestasjon høyrer heime idretten. I friluftslivet står opplevinga i fokus, det å vere del av noko større. Delar av idretten beveger seg inn og erobrar områder som tradisjonelt har høyrd til friluftslivet. Samtidig har vi lenge hatt prestasjon og perfeksjon, seier Breivik. Skarpe og raske opplevingar kan også tilføre noko. Gunnar Breivik, idrettsprofessor Han trekker fram Fridtjof Nansen.– Nansen var viktig for etableringa av friluftslivet i Noreg. Det var ei grensesprenging ved det han gjorde. Han var eit konkurransemenneske og hadde i seg eit prestasjonselement. Arne Næss Sr. blir også nemnd. – Klatring har vore ein del av norsk friluftsliv. Næss innførte ei sportifisering av klatringa ved at han utforska kor mange ruter han kunne klatre etter kvarandre. Det er på ingen måte nytt å streve etter prestasjonar. Dei olympiske leikane sporar langt tilbake. Breivik omtaler ei olympifisering kor slagordet altius, fortius, citius også har gjort seg gjeldande i delar av friluftslivet. Sjølv likar Breivik det enkle friluftslivet, å gå ut av snøhola og betrakte stjernehimmelen, men også det meir fartsfylte, adrenalinprega. Breivik var blant dei første instruktørane innan elvepadling i Noreg. Han påpeiker at det ikkje berre er det langsame friluftslivet som byr på store naturopplevingar.  – Skarpe og raske opplevingar kan også tilføre noko. Å kjenne kontakta med skia på snøen, kreftene i vatnet. Problemet er at fokuset lett blir på prestasjon, kor fort, kor vanskeleg. I staden for å fokusere på den sterke opplevinga, så fokuserer ein på dei objektive parametrane.Idrettsprofessoren trekk også fram nye motiv for å drive med friluftsliv. – Det er meir fokus på helse, friluftsliv er ein bra måte å trene på og oppnå helsegevinstar. For nokre er dette ein viktig motivasjonsfaktor. Helsa har ikkje vore så viktig tidligare, men folk har fått betre helse av å drive friluftsliv. MANGE LAG: Sondre Kvambekk (25) er kanskje mest kjent for å springe og klatre alle 23 2000-meterstoppane i Hurrungane på under eit døgn. Men karen med dei raske beina likar også å ta det med ro i naturen. Han likar kontrastane, det å oppleve naturen på ulike måtar. Foto: Line HårklauFriluftslivet er personlegSondre Kvambekk (25) er mannen bak tindemaratonet i Hurrungane, og han har samla på toppar sidan han var 10 år gamal. I ein alder av 19 år hadde han vore på alle 2000-metertoppane i Noreg. I slutten av august sprang han på Dovrefjell sine 12 toppar over 2000 moh. på under ni timar. Folk flest er positive til prosjekta, men ikkje alle. Nokon kommenterte at det han haldt på med kunne samanliknast med å springe på tredemølle i ein kjellar. Det reagerte Kvambekk på. – Naturen spelar ei stor rolle for dei prosjekta. Eg ser meg rundt undervegs. Gulrota er at du får ei litt ekstrem oppleving i flott natur. Det å bli sliten i slike omgivnader forsterkar opplevinga.Kvambekk er oppteken av at friluftsliv er ein personleg ting. – Ingen skal seie korleis eg skal praktisere mitt friluftsliv. Det er småleg å kommentere at no spring du for fort. Andre har ikkje noko innsikt i korleis eg opplev det, seier han.  Så lenge ein ikkje plagar andre på nokon måte, må folk få gjere det dei har lyst til, meiner Kvambekk. Lysta til å sette rekordar meiner han alltid har vore til stades i friluftslivet. – Slingsby reiste til Noreg for å bestige toppar. No er toppane bestige og rutene gått. Det oppstår nye måtar å bryte barrierar på. No handlar det kanskje meir om spektakulære stunts i fjellet. Men det betyr ikkje at vi går vekk frå det tradisjonelle.Men karen med dei raske beina likar også å ta det med ro i naturen. Han likar kontrastane, det å oppleve naturen på ulike måtar. På spørsmålet om prestasjon og rekreasjon er to motpolar svarar han følgjande:– Det å prestere treng ikkje øydelegge for rekreasjon. Det er ulike måtar å oppleve rekreasjon på. Ein rask løpetur i fjellet i flott natur er rekreasjon for meg. Du lev ut det du ynskjer å gjere. Eg håpar ikkje det blir ein slik trend at det må vere raskt og spektakulært heile tida, men at det er rom for det også.Når naturen ikkje er nokEirik Røkkum, student ved Skrivekunstakademiet og friluftsmann, har tidlegare heva stemma på vegne av det rolege friluftslivet. Han er blant dei som likar å gå. Langt. Hytte til hytte. Telt. Mjølkesjokolade i sekken. Blemmer på beina. Støle lår. Han er på ingen måte åleine. Den klassiske fot- og skituren dominerer framleis friluftslivet. – Eg likar rett og slett berre det å gå og gå, kome meg vekk frå byen, vekk frå bygningsarbeid og støy, kople av skikkeleg. Lukte på lyngen og sjå på fuglane. Eg synes det er artig å gå på toppar, men har det nesten aldri som mål.Røkkum trur at dei som jaktar på toppar og bucketlister kjenner på det same, men at det likevel blir ein biting. Han reagerer på det tilsynelatande behovet for at alt skal vere ekstremt, at naturopplevinga i seg sjølv ikkje er nok. Då DNT Ung starta å kalle tursamlingar for Basecamp blei Røkkum forundra. – Alt skal vere så sprelsk og ekstremt, sjølv der. Eg trur ikkje det stemmer at berre fordi ein er ung så må ein ha så mykje tilrettelagt. Det å vere ute i naturen har ei spenning og verdi i seg sjølv. Hovudpoenget er å kome seg vekk frå prestasjonsjag og mas. Sleppe å tenke på kva ein har på seg og slikt.Kva tenker du om at det ein gjerne vil kalle ein prestasjon også kan opplevast som rekreasjon?–  Alle kjenner seg vel som høns i bur iblant. Vi søker ut, og både det rolege og meir ekstreme friluftslivet fungerer som avkopling. Likevel verkar det som det er ein vesentleg skilnad. Dersom du berre går vil du oppleve roa og kome vekk frå støy og mas, ein får dessutan moglegheit til å tenke langsamt, noko som blir stadig vanskelegare. Dersom det er adrenalinkicket ein vil oppnå er det kanskje keisamheit ein vil vekk frå. Det verkar som naturen alltid må overgåast. Eit krav til at det skal vere eventyr. Tenker du nokon gong at dine lange gåturar kan betraktast som ein prestasjon? – Ein kan kalle det ein prestasjon, men eg ser ikkje på det slik sjølv. Det er ein tur, ikkje eit eventyr. Eg går ikkje opp på den toppen berre for å gå opp dit. Det er reisa, ikkje målet. Finn eg ein triveleg dal eller ein fin stad å telte, slår eg frå meg målet om å kome opp på ein topp eller fram til ei hytte. Det verkar som naturen alltid må overgåast. Eit krav til at det skal vere eventyr. Erik Røkkum Friluftsliv og nasjonsbyggingLat oss gå tilbake i tid. Nærare bestemt til slutten av 1800-talet. Det norske samfunnet er i rivande utvikling. Fleire og fleire flyttar til byane og tettstadene, kor industrialiseringa slår fart. I byane veks borgarklassen fram, ei gruppe med både pengar og fritid. Som ein motreaksjon til industrialisering og urbanisering oppsøker borgarklassen naturen for opplevinga si skuld, for rekreasjon. Frå å vere ein stad forbunde med arbeid og næring, blir naturen no også ein stad for avkopling, naturoppleving og fysisk aktivitet. Relasjonen til naturen blir også viktig for å skape ein nasjonal identitet i kampen for sjølvstyre. God kjennskap til naturen blir symbolet på ein ekte nordmann, og friluftslivet blir eit særpreg ved den norske nasjonen.Nils Faarlund, ein bauta i norsk friluftsliv, beskriv framveksten av friluftslivet i Noreg slik: – Friluftsliv i den norske tradisjonen er eit kulturinnslag som vakne nasjonsbyggarar i Noreg på 1800-talet importerte og organiserte med Den Norske Turistforening i 1868. Men takka vere våre kloke forfedre hadde vi kome så langt at det som var det høgare borgarskaps fritidssyssel og danningsreise til fjells i Alpane, blei heile folket sitt friluftsliv i Noreg då arbeidarrørsla med leiarskikkelsar som Tranmæl og Gerhardsen slutta seg til i løpet av 1920-åra.  Samtidig som det norske folk søker vekk frå dei industritunge byane, legg dei som skulle bli dåtida og notidas nasjonale heltar ut på farefulle ferder for å oppdage og utforske nye områder. Fridtjof Nansen går Grønland på tvers i 1888 og seglar gjennom Polhavet med skipet Fram i 1893-1896. Roald Amundsen seglar gjennom Nordvestpassasjen med Gjøa i 1903-1906 og plantar det norske flagget på Sydpolen i 1911. Fleire av dei norske tindane blir bestige av briten William Slingsby i tida 1872 – 1921.  LES OGSÅ • UTE-portrettet: Nils Faarlund   • Fjellvettregler er utgått på dato Viser ikkje dette at prestasjon som motivasjonsfaktor alltid har vore ein del av norsk friluftsliv?– Polferdene var nasjonale landnåmsferder/nasjonale prestisjestunt. I ‘de edle villes tid’ var det ikkje toppen som var målet, men danningsreisa/det foredlande i møtet med fjellheimen som var utan spor av industrialiseringa sine herjingar. Faarlund trekk eit skilje mellom det tradisjonelle norske friluftslivet og sportifiserte aktivitetar med naturen som arena. – Eg tvilar ikkje på at normerte idrettskonkurransar i fri natur gjer inntrykk – nettopp (dopamin)rus og høgt stemningsleie. Det er jo det som gjer folk bokstaveleg talt avhengig av slikt hardkøyr. Det er dei vel unt. Det som skil friluftsliv i den norske tradisjonen frå sportifiserte og idrettsifiserte utandørsaktivitetar er mestringsgleda som indre motivering med identifisering med fri natur i motsetnad til dei prestasjonsdrivne med ytre motivering, der utøvarane briljerer med dramatisk natur som storslagne kulissar.  Ein rask løpetur i fjellet i flott natur er rekreasjon for meg. Du lev ut det du ynskjer å gjere. Sondre Kvambekk, fjelløper og student   Vi er ulike– Vi som menneske er ulike. Derfor inntar vi verda på ulike måtar.Annette Bischoff er instituttleiar ved Institutt for friluftsliv, idrett og kroppsøving ved Høgskulen i Sørøst-Norge. Ho veit meir om norsk friluftsliv enn dei fleste, til tross for at ho er dansk. I sitt doktorgradsarbeid kom ho fram til at vi nærmar oss naturen på fire ulike måtar. – Det er ei gruppe som er veldig fysisk aktive, dei vil gå langt, dei vil opp på toppen, dei vil ha ein fysisk interaksjon med naturen. Ei gruppe er opptatt av kva dei ser i naturen, vegetasjonen, alt ein kan lese ut av naturen. Ei anna gruppe har eit poetisk forhold til naturen, dei ser på fargane, på lyset, er gjerne drøymande og går langsamt. Og så er det ei som er felles for oss alle, ei meditativ andeleg tilnærming til naturen. Naturen er noko større enn oss sjølv.Å oppleve stillhet, fred og avkopling frå stress og mas er blant dei viktigaste årsakene til at folk oppsøker naturen, ifølge Stortingsmelding 18. Og svært mange av oss tar turen ut, i skog og mark, på fjell og vidder. Heile 92 prosent, ifølge organisasjonen Norsk Friluftsliv. Men aldri før har vi sett ei større bredde i friluftslivet. Bischoff trur det fortel noko om samfunnet vil lev i. – Eg trur det er eit uttrykk for kompleksiteten som finst i samfunnet vårt. Friluftslivet uttrykk til ei kvar tid spørsmål som er oppe i samfunnet. Så lenge det handlar om å vere i naturen og være i relasjon med naturen så er du innanfor friluftslivet. Anette Bischoff, leiar ved institutt for friluftsliv, idrett og kroppsøving, Høgskulen i Sørøst-Norge Korleis vi nærmar oss naturen vil bety noko for korleis vi opplev den. Bischoff fortel om korleis ein som beveger seg raskt får meir punktvise opplevingar, medan ein som går langsamt får med seg meir detaljar. – Dei som spring ultraløp stoppar kanskje ikkje opp og ser på blomstrane.  LES OGSÅ: • Tidenes tindemaraton • Tripp trapp triathlon Det er vanskeleg å unngå spørsmålet om kva som er friluftsliv og kva som er idrett. Bischoff er ikkje så opptatt av å trekke ei konkret grense.– Så lenge det handlar om å vere i naturen og være i relasjon med naturen så er du innanfor friluftslivet. Ultraløp handlar primært om å springe vanvittig langt, men det å springe i naturen gir ein meirverdi. Det er mykje idrett som føregår i naturen, men ikkje primært for å få ein relasjon til naturen.Kva med rekreasjon og prestasjon? Er det meir rekreasjon i det å fiske i eit vatn samanlikna med å springe Nordmarka på langs? – Det kan vere ein prestasjon i seg sjølv å fange ein laks. Men du vil stadig vekk ha eit element av rekreasjon, du kan ikkje setje dei opp som motsetnader, dei kan gå hand i hand. Einkvar prestasjon kan godt vere rekreasjon. Det rekreative ligg i det å oppsøke det som skapar balanse i livet. Nokre må ut og felle tre, nokre må springe, nokre plantar graslauk, seier Bischoff. «Nansen var viktig for etableringa av friluftslivet i Noreg. Det var ei grensesprenging ved det han gjorde. Han var eit konkurransemenneske og hadde i seg eit prestasjonselement. Gunnar Breivik, idrettsprofessor LES OGSÅ: Operasjon skigledeLES OGSÅ: Derfor trekkes vi mot naturen