MAT PÅ TUR Sigrid er UTEs populære turmatekspert. Vi får stadig tilbakemeldinger fra lesere som har hatt suksess med oppskriftene hennes. Sigrid bor i Sogndal og er lommekjent i Sogn, men hun har også vært på turer til Grønland, Svalbard og Lofoten.   • Is på tur• Fireretters gourmet• Pizza på bålet• Godt i termosen• Bjørnebrød Då er innbakt pizza eller calzone som det også heiter, perfekt å ha laga opp på førehand. Ta deg ei økt, produser opp ein haug og frys ned. Dei kan etast som dei er, så lenge baksten er opptina, eller du kan varma dei på ein primus.  TIPS Fyll drikkeflaska di med varm drikke og legg posen med matpakken rett attmed. Pakkar du i tillegg dunjakka rundt, så er du garantert ein deilige liten lunk på nista di. Deig nok til 14 innbakte pizza6 dl sammalt kveite grov8 dl kveitemjøl6 dl vatn3 ss olje1 ts salt50 g tørrgjær1/2 ts bakepulverBland alt mjølet saman med salt, tørrgjær og bakepulver. Bland lunka vatn og olje jobb det inn i mjølet. Bruk litt ekstra olje på toppen av deigen tilslutt, då heng ikkje deigen fast i bollen når han hevar. La deigen heva til dobbel storleik. Kna deigen litt og bruk litt olje over og under om du treng. Del opp i omlag 14 like store bitar. Bruk kjevle og lag flate rundingar på storleik med ein frukosttallerken. Legg fyllet i midten og brett saman, slik at du lukkar fyllet inni. Bru gjerne ein gaffel for å trykka kantane saman. Legg dei på eit bakebrett med bakepapir og hev på kjøkkenbenken i omlag 45 min før du steiker.  Steik på 220 grader i 15 minutt midt i omnen. Dei skal vera lysebrune på toppen og under, då er dei ferdige. LES OGSÅ: Test av frysetørket turmatFyll:1 glas tomatpuréomlag 800 g kjøtdeig400 g raspa ostSalt og peparOregano2 fedd kvitlaukAndre forslag til fyll: Crème fraîcheSriracha-sausSkinke eller spekeskinkeVellagra ostRaudlaukskompott/syltetøyEller: Hermetiske tomaterChorizo-pølseSalt og peparBrie eller anna mjuk ostGod tur akkurat når det passar deg!