SKÅLA OPP Motbakkeløp med start ved Tjugen (28 moh.) i Loen og mål på toppen av fjellet Skåla (1848 moh.). Blei arrangert første gong i 2002. Løyperekorden for herrar er 1.07.06 sett av tyrkiske Ahmet Arslan. For kvinner: 1.20.06, sett av Anita Håkenstad Evertsen. Årets løp går 15. august.Arrangør: Bedriftsidrettslaget ved Hotel Alexandra og Loen Active. Vi slit oss oppover. Flyttar ein fot framfor den andre, brukar lårmuskulaturen som skrik etter oksygen. Repeterer røyrsla med den andre foten, det andre låret. Lufta blir tynnare her ope kring 1600 meter. Det svartnar for auga. Vi må jobbe med oss sjølv for at ikkje den vesle mannen på skuldra vår som seier det er lov å stoppe opp, skal få gjennomslag for ideane sine.LES OGSÅ: Bilder fra Skåla OppLES OGSÅ: 10 flotte fjelløpVekkarklokka ringde før 06.00 denne søndagen då vi saman med nesten 2000 andre skulle delta i motbakkeløpet Skåla Opp i Loen. Målet med turen er å finne ut kvifor i alle dagar folk går mann av huse for å slite seg til toppen av eit fjell, når ein alternativt kunne teke ein roleg søndagsmorgon med sein frukost?  Ikkje berre her på Skåla, men på hundrevis av fjell landet rundt.Vêret er ikkje fint ein gong. Skodda ligg grauttjukk frå toppen og ned til 700-800 høgdemeter. Dei små regndråpane som gjer oss gjennomvåte, sluttar aldri å falle frå himmelen. Jau, vent litt. På toppen sluttar det å regne. Det byrjar å snø i staden.Likevel stiller folk opp til deltakarrekord. Konkurranseklassen med 800 deltakarar har vore full i lang tid.Kan det rett og slett vere snakk om helse? At folk ser dei må ta tak i kroppen sin før dei endar overvektige i sofaen med øl i eine handa og potetgull i den andre? Eller at dei allereie er der?Kring tusenårsskiftet kom helse på dagsorden. Ein konsekvens av velstandssamfunnet var at mange este ut og vart overvektige. Var svaret på dette å springe på fjellet? Vil folk slanke seg, bli sunnare, skifte livsstil? Mykje tyder på at svaret er ja.Ved årtusenskiftet var motbakkeløp noko kuriøst som du vart sett rart på om du dreiv med. No er det snakk om ei motbakkebølgje, ein farsott. Stoltzekleiven Opp i Bergen reknar seg som landets eldste motbakkeløp. Det vart første gong arrangert i 1979 med 25 deltakarar. Det gjekk fleire år utan at særleg mange interesserte seg, men brått skulle «alle» springe til toppen. Stoltzen har i dag over 5000 deltakarar og finansierer drifta i arrangørklubben Varegg Fleridrett eit heilt år. Løpet gir omkring 1,2 millionar kroner i inntekter for arrangøren. I Bergen har fem av sju byfjell sitt eige løp.LES OGSÅ: Lyngsalpenes superstjerne I turistbygda Loen er Skåla Opp også blitt forretning. Då løpet vart arrangert for første gong i 2002, var arrangøren strålande nøgd med 360 deltakarar. I fjor var det 1935 registrerte personar på toppen i skodde og snødrev. Auken har vore jamn frå år til år.– Då vi starta, var det vanskeleg å sjå at dette skulle bli eit så stort løp. Det var Christian Prestegård som hadde ideen. Han hadde sett tilsvarande løp i Mellom-Europa, og sa at dette var noko vi måtte satse på. Han meinte dette kom til å bli noko tilsvarande joggebølgja, minnest løpsleiar for Skåla Opp, Erik Brendefur.Løpet vart starta delvis som eit forretningstiltak for medarrangør Hotel Alexandra.– Den siste helga før skulestart i august var ein mellomsesong, ei helg der hotellet stod ganske tomt. Hotelldirektøren hadde eit ynskje om å finne på noko som kunne gi overnattingar. No får vi 1000 menneske til området som overnattar i Stryn, klart det ligg inntekter i Skåla Opp, seier Brendefur. Han er seljar ved Hotel Alexandra og i tillegg dagleg leiar for Loen Active, eit aktivitetsselskap eigd av hotellet, der Skåla Opp og den mykje omtala Via Ferrata inngår.Sist år var deltakaravgifta på Skåla Opp 200 kroner for mosjonistar og 530 kroner for deltakarar i konkurranseklassen. Det skulle gje bruttoinntekter til arrangøren på om lag 650.000 kroner, pengar som gjev ringverknader til frivillige organisasjonar i lokalmiljøet.«Eg har site på Skåla saman med vaksne menneske som har grine fordi dei har innsett at dei har rota bort livet sitt med for mykje jobbing, alkohol og usunt levesett.»Christian Prestegård meiner det at folk har innsett at dei berre har eitt liv, er ein vesentleg grunn til motbakkefarsotten.– Eg har site på Skåla saman med vaksne menneske som har grine fordi dei har innsett at dei har rota bort livet sitt med for mykje jobbing, alkohol og usunt levesett. Dei har innsett at dei har vanskjøtta seg sjølv i jakta på pengar. Men dei har gjerne sett at dei måtte gjere noko med det i tide. Dei kom seg opp på Skåla, og i dag er dei kjempespreke. Vi har berre eitt liv, du får ingen ting med deg, seier den oslobusette sogningen.Han definerer seg sjølv akkurat i den nemnde kategorien menneske. Med bakgrunn frå leiande stillingar i finansbransjen innrømmer han at det vart mykje jobb, og mykje alkohol i samband med jobb. Ironisk nok var det jobben som finansdirektør som førte han til Hotel Alexandra i Loen og til Skåla. Det skulle bli eit evig kjærleiksforhold. No har han gjort motbakke til levebrød, der forretningskonseptet er foredragsverksemd og motivering av næringslivsfolk med bakgrunn i det å nå til topps. Han meiner å kome seg opp på fjelltoppar er eit ideelt bilete og eit symbol på det å gå i same retning mot eit felles mål der oppe på toppen.– I 2005 feira eg 50-årsdagen min i samband med Skåla Opp. Då eg kom opp, var det stor feiring med champagne og det heile. Då sa eg rett ut at «dette skal bli resten av mitt liv». Eg valde å slutte som bank- og finansmann for å leve, seier Prestegård som omtaler seg som motivasjonskonsulent. I år skal han feire 60-årsdag same stad.– Montana, fjelltoppen, det er verdas mest universelle symbolikk for å samle tilsette. Toppen er ei felles referanseramme alle kan forholde seg til, utifrå det må ein stake ut rette vegval, forklarer Prestegård.LES OGSÅ: Nødt til å løpe Det er ikkje berre i Noreg han har vore sentral i utviklinga av motbakkeløp. Han har site fem år i styret i European Mountain Running Commisson med ansvar for utvikling av sporten i Europa.– Det er Skåla Opp og Fanaråken Opp som har oppteke meg mest. Begge har til felles at du har noko å kome opp til. På Skåla har du Skålatårnet, og på Fanaråken Fanaråkhytta. Då vi starta Skåla Opp i 2002, var det fem andre motbakkeløp i Noreg. Då vi starta Fanaråken Opp året etter, var det 13. året etter der igjen var det ny dobling, seier Prestegård. Han trur stor interesse frå media er ein viktig grunn til suksessen.– Det var stor interesse frå finansavisene: Så hengde store nasjonale og regionale aviser seg på, i tillegg til TV 2 og NRK. Det har gjeve oss ei veldig stor drahjelp.Etter eit par timar på toppen, der vi har prisa oss lukkeleg over samtlege klesplagg vi la i sekken, går turen ned att. Det blir ei ny utfordring for såre lår. Inga kvile, 1800 meter rett ned. Vi ser ein mann som har det endå verre enn oss, han må vere over 100 kilo og slit med å kome seg ned att. Det går seint, han klagar høglydt. Det er godt når vi kan setje oss i bilen. Når dusjen er unnagjort, vi har fått på tørre klede og vi sit «høge» på endorfin i den sofaen vi alternativt kunne brukt søndagen i, då føler vi at vi har fått litt av svaret på «kvifor». LES OGSÅ: Løpingens lidenskap og lidelse