UTE-PORTRETTET MONICA (MOA) HUNDSEID Frå: Vikedal, Rogaland Alder: 23 år Bakgrunn: Lever for å vere på tur så ofte som mogleg. Har gått på ski over Grønland, gått Norge på langs, samt vore på spennande eventyr i Chile og Alaska. Når Moa ikkje er på tur jobbar ho for å tene pengar til nye turar. Ho jobbar blant anna med psykisk utviklingshemma og på slakteri. Aktuell: Blei kåra til Årets Rookie i kåringa Årets Eventyrer 2016 – Eg hugsar det godt, eg lånte ei bok og sette meg oppå der. Og så slo det i hovudet mitt. Nei, fy fader, det der skal eg gjere.Moa peikar ut vindauget og opp mot ein fjelltopp. Fjelltoppen kor ei ny verd openberra seg. Her blei ho tatt med inn i eit snøkledd eventyr om einsame skispor på Antarktis, fortalt av eventyrdronninga sjølv, Cecilie Skog. Moa lukka boka, gjekk heim og plukka opp telefonen.– Eg ringde til Thor Elvebakk i Hvitserk. Sa at eg hadde lyst til å prøve meg på langtur.– Ja, kva tenker du? blei det spurt i andre enden.– Nei, eg trur eg tar Grønland eg.Vi befinn oss i Vikedal, ein dryg time frå Haugesund. I overkant av 800 innbyggjarar. Vestlandsvêr. Ei bygd som bygder flest. Smale vegar. Fleire kjentfolk enn framandfolk. Her har Moa vakse opp. På gard med foreldre, tre eldre søsken, hestar og kyr. Og fjellet som næraste nabo.– Kvar helg så var vi til fjells, om vi likte det eller ikkje, vi blei dratt med, lokka med sjokolade.Det var ikkje alltid at Moa var like begeistra for å bli med. Men etter kvart som tida gjekk skjedde det noko. Ho starta å reise til fjells på eiga hand.– Det var liksom der eg fann roen.Ski har alltid stått Moa sitt hjarte nært. Då ho kom på skulen og klassekameratane spurte kva ho hadde gjort i helga, hadde ho som regel vore ute på ski.Og ho trampa gjerne inn i hus med skia på. I slutten av tenåra trente ho langrenn og motbakkeløp. Turkompis: Malamuten Kira er Moa sin faste følgesven på tur. Foto: Line Hårklau  BYGDA: Planen var å ta bilete av Moa midt i den smale vegen, kor det nesten aldri køyrer bilar. I staden kom ein traktor med kjentfolk. Heimbygda og garden betyr mykje for Moa. Då ho var lita slutta ho i barnehagen fordi ho heller ville vere heime på garden. Foto: Line Hårklau  – Før trente eg ekstremt mykje, sikkert like mykje som ein toppidrettsutøvar. Men det blei eit jag. No kunne eg ikkje tenkt meg det. Eg likar å vere fri og gjere det eg vil.Moa finn fridomen på tur. Gjerne når ho må slite litt. Etter vidaregåande har det gått slag i slag. I ein alder av 23 år har Moa kryssa Grønland to gonger (sist som guide), gått Norge på langs, kryssa den nordlige delen av Patagonias innlandsis, vore hundekøyrar i Alaska. Ja, og kryssa Havana Beach på ski. Du har kanskje sett ho som turmakkaren til Tonje Blomseth i Eventyrjenter på NRK. Nyleg blei ho kåra til Årets Rookie, og var ifølge juryen med Aleksander Gamme i spissen suveren blant finalistene.LES OGSÅ: Monica Hundseid er årets rookie– Eg har den fysikken ein treng for å gå slike lange turar, og eg elskar det. Det er ingenting anna eg elskar så mykje som det. Eg har ikkje forstått kva ordet elske betyr før, men når eg er på sånne turar finn eg liksom roen, livet har ei heilt anna meining. Det må jo vere dette eg passar til.«Det er dette som må til for at eg skal vere lykkeleg. Eg prøver å seie at om det er noko som skjer så er det dette eg elskar å gjere, eg hadde ikkje vore lykkeleg utan.»Då Moa for alvor begynte å planlegge sin første langtur, fall det ikkje i like god jord på heimefronten. Medan ho som lita blei lokka med sjokolade for å bli med på tur, blei ho no lokka med pengar for å la vere.– Mamma ville betale meg 25 000 kroner for at eg ikkje skulle gå Grønland på tvers.Med tida har familien forstått at Moa kjem til å gå sine eigne vegar.– Det er dette som må til for at eg skal vere lykkeleg. Eg prøver å seie at om det er noko som skjer så er det dette eg elskar å gjere, eg hadde ikkje vore lykkeleg utan. Og når turplanane til Moa byr på litt mykje hovudbry for mor og far, slår det fort tilbake på dei sjølve.– Det er ikkje min feil, det er dei som drog meg til fjells. Polane er erobra. Toppane er nådd. Land og kontinent er kryssa på både langs og tvers. Med all verdas ulike framkomstmiddel. Å vere gryande eventyrar i 2016 er ikkje ei enkel oppgåve. Eller?– Det er mykje som ikkje er gjort endå. Det er eg ikkje redd for.Moa smiler lurt. Du merkar at hovudet hennar er fullt av draumar og planar. Når ho kjedar seg på jobb reknar ho på turbudsjett. TV-serien «Canada på tvers» med Lars Monsen kan ho inn og ut. Moa er alltid på tur og har framleis mange turar igjen å gjennomføre.– Det er ingen damer som har gått unsupported aleine til Nordpolen. Ingen damer som har kryssa Antarktis aleine unsupported. Det er jo sånne ting eg veit eg kjem til å prøve på. Men det er jo pengespørsmålet, det er svindyrt. Eg har mange villmarksdraumar også. Men eg er litt redd for å snakke altfor høgt om det.Det kan vere tøft å få med seg sponsorar på laget om nokon har kome deg i forkjøpet. Og det blir gjerne ikkje heilt det same å kome som nummer to eller fem. Men rampelyset er ikkje Moa spesielt oppteken av. Ho vil gjerne setje rekordar, vere den første, men mest for seg sjølv.– Eg likar det å presse meg sjølv og slite. Når du legg deg i soveposen og du er halvvegs daud, det likar eg.– Korleis vil du karakterisere deg sjølv på tur?– Ganske harmonisk, trur eg. Tar ikkje så lett ting til meg, er ganske så avslappa, likar ikkje stress. Eg likar å nyte å vere på tur, samtidig som eg likar å sprenge grenser. Likar å mekke på ting, likar å sjå moglegheiter. Og det må ein. Då ho gjekk på ski saman med Tonje Blomseth i Alaska, blei ho ei motvekt til den temperamentsfulle jenta frå Trøndelag.– Tonje har jo eit veldig temperament, ho kan klikke i vinkel, akkurat som eit lemen. Men eg bryr meg ikkje. Det hadde aldri fungert med to lemen i lag.På rommet til Moa ligg Ulvang-øskjer, stegjern, dunjakke og anna utstyr strødd utover. Den gode gamle Gore-Texdressen i gult og lilla frå Norrøna heng på ein knagg saman med rifle og store pelsvottar frå Alaska. I etasjen under er søskenbarnet på besøk. Moa er som vanleg på farten og skal rekke jobb, idet søskenbarnet spør:– Du skal vel ikkje ut å reise no snart, vel?– Jo, eg reiser til Nepal på tysdag.Der skal ho vere ein månad. Dei høge fjella er eit ganske ukjend landskap for Moa.– Ja, eg har berre vore på 4500 moh, det blir litt nytt ja, det gler eg meg til. Men eg er litt sånn der. Om eg hadde blitt med i militæret hadde eg sikkert reist til Afghanistan, for eg har tendens til å trekke det litt lengre, gjere det litt ekstremt, så eg er redd med høge fjell at eg kjem til strekke strikken litt langt. ANDRE OM MOA BENGT EGIL ROTMO:  – Moa er ei ung eventyrlysten jente med alle moglegheiter framfor seg. Ho er svært sterk både psykisk og fysisk. Ho er alltid like blid og tar ting som dei kjem. Moa er ekstremt svolten på opplevingar, varmt, kaldt, høgt eller bortover er ikkje så nøye berre det er tur. Om ho fortset som før spår eg ei lovande ekspedisjonskarriere. Dog, den er no temmeleg brukbar allereie. TONJE BLOMSETH:  Moa er ekstremt rolig og avslappa, ho tar ting med knusande ro. Ho er veldig sterk, oksesterk, eg har ikkje sjans til å ta like mykje vekt som ho. Moa kunne vore på landslaget i knebøy. Ho har leigd ein sherpa for fire dagar og målet er å nå toppen av Island Peak (6189 moh). Medan dei fleste reiser med ei større gruppe i regi av eit firma, vil ho utfordre seg sjølv.– Eg ønskjer å få det til sjølv. Eg kunne blitt med ei gruppe og det tenkte eg jo eigentleg, men når ein er i dette gamet er det viktig å utvikle seg. Og det tenker eg for kvar tur eg gjer, så har eg lyst å gjere det på ein anna måte eller gjere det endå hardare. Eg har ikkje lyst til å være på same nivå heile tida. ALASKA: I Willow, Alaska, hjelpte Moa hundekøyraren Lisbet Skogen i Norris med førebuingane til Iditarod. Foto: PrivatHus. Familie. Bil. Lån. Typiske ingrediensar i mange liv.  Kanskje ikkje for ein gjennomsnittleg 23-åring, men Moa let seg likevel imponere over kabalen dei mange familiane der ute får til å gå opp kvar dag.– Det hadde eg aldri klart trur eg. I alle fall ikkje no. Å køyre den der, og hente der. Då går eg heller og trekk 120 kilo pulk i tre månader. GUIDE: Ved vegs ende av årets Grønlandskryssing. Moa hadde med seg fem personar over isen som guide for Ousland, alle frå utlandet. Foto: Privat«Plutseleg opnar det seg ei lita sluse i hovudet, og du forstår at du kan gjere akkurat det du vil. Ingen fengslar deg om du går din veg.» UTE-PORTRETTET Cecilie Skog: Eventyrdronningen Erling Kagge: Evig eventyrer Henrik Mestad: Den store scenen – Tenker du nokon gong at det er egoistisk å reise på slike turar?– Ja, det er det jo. Ein gjer det jo berre for seg sjølv. Det er di eiga vilje som får deg fram. Men det kan jo vere med på å gi andre inspirasjon til å gjere det ein har lyst til å gjere i livet sitt.– Vi er skikkeleg skakkøyrde i dette A4-samfunnet. Det er ganske fascinerande. Plutseleg opnar det seg ei lita sluse i hovudet, og du forstår at du kan gjere akkurat det du vil.Ingen fengslar deg om du går din veg.– Det hadde jo ikkje gått om alle hadde gjort slik som eg. Men det er lov å gje seg litt fri.– Kva tenker du om framtida då?– Nei, eg tenker ikkje så mykje på den. Eg gjer det eg synes er kjekt no. Og så ser eg kva som er kjekt om 10-20 år. Men at ho skal på tur er heilt sikkert, og ein dag slår ho seg kanskje til ro.– Eg har lyst til å bli bonde til slutt. Eg har lyst å få meg ein fjellgard, mjølke på geiter, ha eit hundespann, nyte livet der. Kanskje guide litt innimellom.