MAT PÅ TUR Sigrid Henjum er UTEs turmatskribent SISTE BOK: ET UTE Dette er ei sesongkake fordi ein kan bruka akkurat kva ein vil av frukt og bær, alt etter sesong. Er det ingen sesong, finn du bær i frysen eller i butikken.  Sesongkake120 g knust søt kjeks, Digestive eller Gjendekjeks200 g naturell kremost, gjerne Snøfrisk50 g smør150 g sukker3 egg2,5 dl rømme1/2 ts naturleg vaniljesukker eller frø frå ei halv vaniljestang100-200 g bær eller frukt, som tyttebær, blåbær, rabarbra, multer eller bjørnebær TIPS Du treng ei steikepanne med høg kant. Kovea har ei god panne til formålet. Bland bær eller frukt med halvparten av sukkeret og sil av litt væske viss det skiller seg. Ta vare på væska og bruk som saus i tilfelle. Knus kjeksen og trykk det godt i steikepanna. Er du ute, kan du varme smøret opp i steikepanna først og så knusa kjeksen oppi. Varm opp kjeksen og ha i ferdig fyll blanda med bær. Spar litt bær til pynt på toppen. Pisk egga og halvparten av sukkeret saman til ei luftig blanding. Ha i rømme og kremost og visp godt saman. Rist kremfløyten i ei literflaske til krem og bland forsiktig med resten av blandinga. Til slutt har du i bæra eller frukta.Bruk ei steikepanne med høge kantar, med omlag 18 cm i diameter. Du må ha eit lokk som passar til steikepanna. Varm opp steikepanna med kaka fleire gonger med så låg varme som du kan. Fortsett med det heilt til du ser at kaka og blandinga ser litt stivare ut. Det gjer ikkje noko om kaka er litt dissete i midten. La kaka avkjøle seg litt før du serverer, så blir ho litt stivare. Server kaka med litt bær og frukt som pynt. Passar det kanskje med ein god kaffi eller eit stettglas med boblar?Ta festen ut og nyt sommaren!