Staden er Haukedalen, ei lita bygd i Førde kommune. Det er slutten av september, men temperaturen minner meir om sein august. Fjellet er i ferd med å kle seg i haustdrakt. Og der oppe i fjellet ser du dei kanskje. I busk og kratt, bratte fjellsider og mjuke dalbotnar. Gjennom sommaren har dei beita av det fjellet har å by på. No skal sauene heim.For Åge Støfring er det rett og slett årets høgdepunkt. Å samle familien og reise til fjells. Jobbe saman og springe etter sauene som etter ein lang sommar skal tilbake til fjøset. Og ja, slaktehuset. Dei fire ungane i familien Støfring har så lenge dei kan hugse samla seg rundt denne helga. Eldstemann Rune pleier å vere den som tar ansvar saman med far Åge, og fortel kor alle skal leite. Åse, Anita og Helene tar i mot instruksjonar. Bestemor er ikkje lenger med til fjells, men lagar fårikål til slitne sauesankarar. I tillegg er slekta på Haukedalen med. Men i år er ikkje heilt som andre år. For Rune måtte sauesankinga vike for jakthelg i Nord-Noreg. Yngstemann Helene måtte jobbe og Anita, nest yngst, skada kneet på fotballkamp like før helga. Då var det plutseleg berre Åse igjen. Og ein sau som på ingen måte har tenkt seg heim. LES OGSÅ: Sju fjellturer i Jølster Løpehøst i fjellet Et lite stykke Nepal