Brennenesla veks heile sommaren og du kan eta den som den er. Finn unge små vekstar, og plukk av øvste toppen. Den stikk ikkje og du kan eta han slik han er – full av C vitamin og smak. Blada kan du ta på frå undersida, rulla saman til ein ball og eta. Det er på utsida av blada og på stilken at piggane som gir deg vabler sit.

Brennenesla har mange bruksområder, men her skal du få oppskrifta på suppe, te og brenneneslepesto.

Suppe og pesto lagar du når planta er fersk – et og nyt no, eller frys ned. Til te og brød turkar du brennenesle ved å knyte saman små buntar som er dekorative når du heng dei i glaskarmen på kjøkenet. Det kan vera lurt å bruke hanskar og ei saks når du haustar inn.

Brenneneslesuppe

1 løk
50 g godt smør
2 terningar grønnsaksbuljong
6 dl vatn
2 dl kremfløyte
1 liter finhakka brennenesle
salt, pepar og litt chili

Hakk opp løk, surr i godt smør og ha i grønnsaksbuljongen slik at den løyser seg opp.
Tilset vatn og finhakka brennenesla, la det koka i omlag fem minutt, før du tilset fløyte og krydder. Etter at det har bobla i fem minutt til, er suppen klar, og folk vert vanlegvis overraska over kor godt det er.
Serverast med kokt egg, skiva med smør og kvitost. Perfekt sommarmat!

 

Brenneneslepesto
Omlag 5 dl brennenesle
1 dl olje(raps eller smaksnøytral olivenolje)
ein liten neve valnøtter eller pinjekjernar
ei klype salt
litt ost (parmesan, lokal kvit geitost eller fetaost)

Smakar nydeleg på fisk som skal bakast i omn, eller på nybaka brød. 

 

Brennenesle-te
Turk brennenesle i glaskarmen og lagre den på eit tett glas til hausten og vinteren. La blada trekka i vatn og server, gjerne med litt god honning eller sirup.

TIPS: Turka brennenesle kan du også strø i brøddeigen, ser fint ut og smakar godt.

 

Løvetann til alt
Tru det eller ei, men løvetannen som veks overalt, og som sprett opp heile sommaren, er ei av dei mest næringsrike plantene me har. Proppfull av C-vitamin og med meir A-vitamin enn spinat! Og den er heilt gratis. Ikkje mange plukkar den som mat, så du slepp å stå i kø.

Heile løvetannplanta kan etast, både blome, blad, stilk og rot. Blomen er god, den kan du eta slik den er, eller bruka som dekor både på kaker, i salaten eller på tallerken. Blada kan brukast i smoothien på morgonen, eller i salaten i lag med anna salat. Bruk unge små blad. Rota må kokast ei stund for å få vekk bittersmaken, men gjer du det smakar rota litt som gulrot.  Blomen kan du også bruka til å laga ein god sirup som du kan ha i teen heile vinteren for å halda på friske solgule tankar. Passar godt i brennenesleteen eller på gode ostar. 

Løvetannsirup
Plukk gule løvetannhovud og rens vekk alt det grøne. Det gule på blomsten har du i ein kasserolle, så mykje du orkar plukka. Fyll med vatn, dobbelt så mykje som mengda blomar. Kok dette til vatnet er halvert. Sil då i frå blomen og ha i sukker, mengda skal vera halvparten av vatn som er att (har du att 1 liter væska, tilset du 5 dl sukker). La væska og sukkeret koka inn til ein passeleg sirup. Du kan leggja ein drope på eit fat, lata han avkjøla seg og sjå at konsistensen er sirupaktig.  No skal han vera gul, søt og klissete. Perfekt på små glas som gåva eller på kjøkkenhylla.

«Rota må kokast ei stund for å få vekk bittersmaken, men gjer du det smakar rota litt som gulrot.  Blomen kan du også bruka til å laga ein god sirup som du kan ha i teen heile vinteren for å halda på friske solgule tankar.»

Om løvetann

Gaukesyre – på skiva eller i salaten

Denne syrlege trekløveren smakar friskt og inneheld også mykje C-vitamin. Det er sagt at blada skal hjelpa mot halsbrann, men bruk ho som pynt på skiva eller i salaten, på fatet når du serverar fisk eller berre som snacks.

 

Sisselrot-snop

Sisselrot er ei liti bregneplanta som du ser komma ut av mosen på steinen. Grav ned i mosen og få tak i rota, rens ho for mold med vatn eller berre med fingrane, og tygg av ein bit. Har ein spanande smak av bitter lakris.

Kos deg ute i alt det grøne!