På tur der sjansen for å få fisk er til stades har eg med meg nokre få basisingrediensar.

SIGRID HENJUM

Sigrid er UTEs populære turmatekspert. Vi får stadig tilbakemeldinger fra lesere som har hatt suksess med oppskriftene hennes. Særlig er bjørnebrødet blitt en klassiker. Sigrid kommer fra Leikanger, bor i Sogndal og er lommekjent i Sogn, men hun har også vært på turer til Grønland, Svalbard og Lofoten. Sigrid er utdannet sykepleier, og driver Sogndal Lodge & Guiding. Hun er proppfull av energi, initiativ og guts, og du kan fort finne henne på en isbre, sjonglerende på en hest eller i en kajakk i Sognefjorden.

Dette er oppskrifta på ein heilt enkel fiskesaus-basis, som kan kombinerast i det uendelege og brukast både som suppe og saus:

 

Kveitemjøl

Godt smør

Fiskebuljong

Salt/pepar

Løk

Kvitlauk

Mjølkepulver

 

Fisken du får kan du filetera eller dela opp etter beste evne. Det vert alltid noko att, og det du ikkje vil eta, kokar du kraft på (utanom innvollane, dei kan reven få).

 

Kvit fiskesaus

Nok til 4-5 personar

 

Ca. 6 dl fiskekraft

2 terningar fiskebuljong

50 g smør

4 ss kveitemjøl

50 g (halve posen) med turrmjølk

Ei god klype salt

 

Du kan ha oppi kvitlauk, lauk, purre, gulrot, dill eller persille - alt etter kva du har for handa. Er det ein tur der du kan ha med mjølk, fløyte eller rømme, tek du vekk mjølkepulveret og reduserer litt på mengda kraft. Eksempelvis 4 dl fiskekraft og 2 dl fløyte.

 

Kok kraft på bein, hovud, spor og skinn. Lat det koka så lenge du har tid til, men minst i 20 minuttar. Tilset fiskebuljong om du har, og vips har du skikkeleg god kraft. 

Smelt smør i panna, tilset kveitemjøl, blanda med turrmjølk, saman med fiskekrafta. Her det kjempelurt å bruka ein visp! Om du ikkje har visp med, kan du spikka deg ein i frå ei grein. Rører du om heile tida vert det verken klumpar eller svie. Pass på varmen om du har bensinbrennar - skru ned!  Om du vil laga suppe må du berre laga litt meir og spe med meir kraft for at suppen skal verta litt tunnare enn sausen.

Thai-inspirert peanøttsaus til fisk:

Eg er ei slik som «tager hva man haver». Nokre gonger vert det nydeleg, andre gonger ikkje fullt så godt. Her er oppskrifta på ein saus som eg laga til fersk stekt torsk, og denne sausen slo verkeleg til.

 Nok til 4-5 personar

1 stk. hakka tomat på boks

1-2 ss chilipasta

2 ss honning

1-2 fedd kvitlauk

Ca. 100 g knuste salte peanøtter

Ei god klype salt

 

Finhakk kvitlauk, legg peanøttene i ein pose og knus mellom to steinar. Hiv alle ingrediensane oppi ei gryte og lat det småputra ei lita stund.

Både potetmos og ris passar til, men nudlar passar kanskje aller best. Om du i tillegg har ananas på boks, kan du varma ananasen i lag med fisken på steikepanna. Herleg thai-inspirert middag.

 

Panering

Ein annan variant er sjølvsagt å panera fisken, ha i kveitemjøl, blanda med salt og pepar, i ein brødpose. Hiv oppi filetar med eller utan skinn (små søte fiskar frå fjellvatn kan etast med skinn), rist laus og hiv på panna med godt smør.

 

Steikt på glør

På bålet er det flott om ein har med seg folie, då kan ein pakka fisken inn i ein ”pakke” med smør, krydder, grønsaker som gulrot, lauk, fennikel og purre. Pass på å lata godt att, slik at krafta ikkje renn ut. Pass òg på å snu rundt og sjekka slik at fangsten ikkje vert svidd. Ein spanande variant kan vera å gni fisken inn i tandoori-krydder, før du pakkar han inn i folie på bålet.

 

Kokt fisk

Om du vil koka fisken er det viktig å ikkje koka han for lenge, berre slik at han slepp beina. Ta halvparten (reint!) sjøvatn og halvparten ferskvatn, då vert det passeleg salt.

 

Sashimi

Sushi (eller sashimi som er berre fisk i skiver, ikkje med risen) er ikkje berre rå fisk. Det er sjølvsagt mogleg å eta rå fisk, men den er ofte seig og ikkje så god. Fisken som du et på sushirestauranten har nett vore frosen og det rår eg deg til å gjera om du skal laga din eigen sashimi. Då vert nemleg feittcellene sprengde og fisken vert mør og god.  Det er kanskje ikkje så ofte du har me deg ein frysar på tur, så då må du vera nær ei hytta med liten frys eller vera ute i minusgrader. Som tilbehør høyrer soyasaus, sylta ingefær og wasabi (tube med sterk grøn pasta) til. Hugs å skjera fisken i tunne skiver, gjerne før den er heilt tint.