Verdscup i flotte fjell og fin natur

Det heng skifeller over kvar ein stol, sure innersko har sett sitt preg på gangen vår og sjokolade dominerar kjøkkenet. 5 veker med trening, konkurranse og reiser er i gong og alt er som det skal vere.

Eg har forlatt nok eit fantastisk snøfall i Sogn, trygge og faste rammer og eit permanent klesskap. No ventar 5 veker i bag, trong leigebil og høge fjell i søre delar av Europa.

MALENE BLIKKEN HAUKØY

Malene vokste opp mellom bakker, fjord og fjell i Høyanger. I 2013 ble hun historisk da hun tok Norges første verdenscup-seier i randonee. Malene er en av Norges beste kvinnelige fjelløpere og tilhører landslaget i randonee. Hun bor og trener i Sogndal.

For å få med neste innlegg, abonner på vårt nyhetsbrev

Det er på tide å trappe opp prioriteringane og fokuset nokre hakk. Ein fantastisk sesongstart på ski i Noreg er over, og det er på tide å førebu seg på dei kommande konkurransane i mellom- Europa. 3 verdcuphelger skal gjennomførast før EM på Sicilia. Det vert mykje ut og inn av bag, opp og ned trapper med bagasje og mil på mil i altfor liten leigebil. Saman på ferda mot EM har eg med meg Lars Erik Skjervheim, Stine Haustreis og Glenn Tore Løland.

Fyrste stopp på vegen er Villars Sur Ollon i Sveits. Her skal me konkurrere i disiplinane individuell og sprint. Det er tilpassingar på alle frontar, høgden, den rolege og einsformige tilvere samt mat frå andre kulturar skrive på eit ukjent språk. Når ein kjem heim frå butikken er det usikkert om ein har kjøpt vatn med eller utan kolsyre, og lettmjølk eller fløte. Det er prøving og feiling, men det er litt av sjarmen.   

Til tross for at snøen kom både djup og tidleg i år heime i Noreg vert det spanande å teste formen. Eg føler eg har trent godt, men fasiten kjem alt denna helgi! Eg vert nok eit nervevrak ved start, og det heile kan bikke i alle retningar, men det viktigaste er å komme i gong og tenkje at dette er eit steg på vegen mot toppformen i EM om 4 veker.

Stine testar ut eit lang gåparti under morgondagens individuell konkurranse. 

Eg har lenge gleda meg til å ture sørover, og føler meg privilegert som får denne moglegheita! Takka vere sponsorar eine og aleine deler eg no seng med Stine i ein sveitsisk leiligheit og drikk kaffi på morgonkvisten saman med likesinna særingar. Me legg beina høgt ved kvar ein anledning, og sit djupt inni telefonen det meste av dagen, det einaste som dreg oss ut av bobla er tanken på snø og nye spanande fjell.

Verdscupkonkurransane går sjølvsagt altfor høgt. Det er hovudgrunnen til at me er på reisefot over ein så lang periode og prøver desperate å verte venner med den tynne lufta og det låge trykket. Det er den same kampen kvart år, men med litt og litt erfaring vert med smartare, lyttar til kroppen og taklar utfordringa betre.

Det heile byrjar med nokre greie dagar før me på dag 3-5 hiv etter pusten, står i kø på do for å tisse på natta og alt kjennes håplaust tungt ut. Det fine er at denne følelsen av å mislukkast og berre ville heim gir seg sakte men sikkert dersom man spelar på lag med kroppen og tek det pent. Etter 1 veke byrjar spesielt hovudet å forstå kva som skjer, og sender vidare signal til kroppen om at dette går bra. Til tross for at ein etter kvart mest truleg vil føle seg betre tek restitusjonen lenger tid i høgda og hard trening tærer meir på kroppen enn ved fjorden i Sogn. Dette er tankar eg tek med meg inn i desse 5 vekene. Eg er langt ifrå noko ekspert på temaet høgde, men nokre grunnprinsipp har eg med meg.

Folk reagerer ulikt i høgda, difor er det ekstra viktig å tenkje på seg sjølv, erfare og ikkje la seg rive med av resten av gruppa.

5 veker i mange ulike små leiligheiter, ein enda mindre bil over store distansar, ulike behov og meiningar kan definitivt skape spenning når ei gruppe på 4 skal bu oppå kvarandre over ein så lang periode. Vil eg overleve snorkinga til Stine? Dei sure sokkane til Glennis og ikkje mist rotet til Lars Erik? Sjølv er eg eit prakteksemplar som det er knirkefritt å leve saman med sjølvsagt!

Det er på tide å sikle skia, pakke konkurransesekken og snirkle seg mot Briefing/løypemøte. I morgon brakar det laust. Me kryssar det som er for sol, pudder og kanonform!

  


 
 
VIS KOMMENTARFELT

Gikk du glipp av?

    En helgekriger i verdensklassen

    TOPPTURFEBER (S2E4): Er det virkelig mulig for en vanlig mann å få med seg alt dette i løpet av en vintersesong? Nei. Bård Smestad er en helgekriger i en klasse for seg. Se og hør ham fortelle om noen høydepunkter.

    KAKE PÅ PRIMUS

    Denne deilige kaka lager du i turpanna!

Siste saker

På eventyr i Flatanger

Fabelaktig fridykking, mystiske grotter og sportsklatring i verdensklasse. Flatanger har alt, og havkajakk er nøkkelen til eventyret.

– Vi må jo ned

Historien om 1000 høydemeter bomtur.

Test av løpesekker

Vil du prøve deg på lengre løpeturer i år, kan det være kjekt å ha med en liten sekk til det aller viktigste. Vi har testet 9 løpesekker mellom 4 og 12 liter.

Siste saker

Hett på sykkelsetet i Sudan

Ukjent utfordring i vente.

Skagastølsryggen i Jotunheimen

Turen over Skagastølsryggen er en av de aller fineste og mest klassiske ryggtraversene i landet.

Vårski i Stryn

Stryn og Nordfjord frister med flotte fjell, og kjentmann og Tindevegleder Einar Løken tipser om de beste turene.

12 ting å vite ved kjøp av elsykkel

Elsykkelen er mye mer avansert enn den vanlige, strømløse sykkelen du kjenner fra før.

Test av kjelesett

Vi har testet kjelesett for deg som skal ha med både den ene og fjerde på tur.

Sommerens ungdomscamper

Sommer og skolefri åpner opp mulighetene for å gjøre noe av det du liker aller best, eller kanskje prøve noe helt nytt.