Sommaren i bilder

Eit bilete fortel meir enn 1000 ord sies det. Ergo vert dette eit stygglangt blogginnlegg.
Sommarens verkeleg store høgdepunkt: Alden ytst i Sognefjorden
Sommarens verkeleg store høgdepunkt: Alden ytst i Sognefjorden

MALENE HAUKØY

Malene (25) vokste opp mellom bakker, fjord og fjell i Høyanger. I 2013 ble hun historisk da hun tok Norges første verdenscup-seier i randonee. Malene er en av Norges beste kvinnelige fjelløpere og tilhører landslaget i randonee. Hun bor og trener i Sogndal, og studerer praktisk pedagogikk ved HiSF ved siden av landslagsatsingen.

For å få med neste innlegg, abonner på vårt nyhetsbrev

Det er klart at dei optimale eventyra må opplevast sjølv for fullt utbytte, men bilder er det nest beste. Sommaren har for min del budd på glede, slit og opplevingar. Eg kunne skrive sider opp og sider ned om turane eg har vore på, men i dette innlegget vel eg å grave fram perlene av perlene frå galleriet, og oppsummere sommaren i bilder. Grunna manglande teknologisk kunnskap kan innlegget verke tilfeldig oppbygd, eg vel difor å kalle det bildebonanza.

Eg vil på førehand advare mot mykje solskinnsbilete, dette grunna rennande sminke og våt linse når det regnar.

(Bildeteksten er over bilda)

Sommaren byrja med gode mengder snø i fjellet og bart i skogen. Det betyr dårleg skiføre og haltande føre for fotturistar, synest nok folk flest. Eg synest derimot det er undervurdert å springe på hardpakka vårsnø. Det er skånsomt, enkelt og overraskande forutsigbart. Bilete under er teke frå Togga, eit av dei verkeleg store skitoppane i Sogndal.

Det er fortsatt mykje uoppdaga for min del innan 30min-45min radius i bil. Her frå Lundeskaret mellom Fjærland og Jølster. Her er det sherpabygd sti opp til skaret og vidare merka sti til Marabreen. Stien i seg sjølv er verdt turen!

Me rakk akkurat å teste ut Via Ferrata i Loen samt gondolen ned igjen før det aller største turisttrøkket inntraff denne sommaren. Turen opp er spennande, luftig og flott, men utsikta på toppen med kontrastane mellom bre og fjord ...... Have no word!

Balestrand er og blir ein av mine store favorittar med Tjugatoten, Keipen og Vindreken som rosin i pølsa. Her på veg ned frå keipen med utsikt ut Esefjorden.

Eit av dei verkeleg spennande turane denne sommaren var klatretur på keipen. Ein tur eg har villa gjennomføre lenge. Alt stemde denne dagen! Turen starta på Dragsvik så og sei rett opp på Tjugatoten. Me byrja i skodde, og vel passert 1000 høgdemeter klatra me over skydekket og skua utover fjorden. Vidaren traska me inn Esebotn, men over fjella, for så ein kort men overraskande vanskeleg klatre-etappe opp til toppen av Keipen. 

Toppen av Tjugatoten over Dragsvik og Balestrand.

Nærøyfjorden går for å vere noko av det flottaste me har å vise fram til turistane. Dei kjem langvegsfrå med rumpetaske og store kamera i håp om å sjå troll, huldra, djupe fjordar og buddeier i bunad. Sjølv har eg vore lite i området, og tenkte det var på tide. Kva er vel betre enn å tilbringe ei natt over den smale fjorden med dei stupbratte fjella. Her lokka eg med den vetle familien er bur med i Sogndal opp på Breiskrednosi over Bakka. Lokkematen var Ægir øl på toppen og pannekake til frukost.

Hausten byr verkeleg på fargar og ubeskivelege soloppgongar og endelause solnedgongar. Me tok turen til Ørnereiret over Underdal. Tøffe 1000 høgdemeter opp, men ingen dum plass og vakne.

Kortreist glede og trening. Hesteggi er ein av mine favorittfjell kring Sogndal.

Landkrabbe langs Lustrafjorden.  

Trasking i ulent terreng. Nye utfordringar og opplevingar gir motivasjon for min del. Her frå Fåberstølsbreen i Jostedalen.  

Foto. Marte Frodahl

Til tross for at eg banner og steiker når eg må ha min firbeinte venn i band når eg legg ut på tur, set eg umåtelig pris på den jobben dei krøllete ulldottane gjer i løpet av sommaren. Stiane ville ikkje vore det same utan, og skogen ville vore tett som kratt utan deira hjelp.

Båtferie ytst i Sognefjorden denne sommaren, Gulen. Naturen og roen er minst lika fin til sjøs som til fjells. 

Sykkelidyll på Oppdal, her på veg ned frå Svarthaugen. Eg kjem nok ikkje til å konvertere, men stisykling har vist seg å vere ein innmari kjekk treningsform. 

Solnedgang utover Sognefjorden frå Dueskardhøgdi ved Haukåsen i Sogndal. 

Hausten er enda ung, og mange nye stiar og toppar skal bestigast. Dei finaste fargane i fjellet finn me på hauste. God trening!


 
 
VIS KOMMENTARFELT

Gikk du glipp av?

    Porten til vidda

    Midt mellom øst og vest ligger Haukeliseter, ett av Turistforeningens aller mest populære hytter.

    Fjortiser og fjell

    Hva er vitsen med å klatre i fjell, egentlig?

Siste saker

Ble du den heldige?

Her er listen over de heldige vinnerne i årets julekalender.

Luke 18 er åpen

I dag har du muligheten til å sikre deg to festivalpass til Fjellfilmfestivalen.

Luke 17 er åpen

Trenger du en ny dunjakke? Da anbefaler vi å prøve lykken i dagens konkurranse.

Siste saker

Luke 16 er åpen

Vinn multisportklokke fra Suunto.

Opplevelsespakker

Innholdet er klart. Fikser du pakkingen?

Dette sliter vi med

GOD PÅ LANGRENN (EP2): De fleste vil si seg enige i at det er både mer slitsomt og vanskelig å skøyte. Det er fordi du må rette opp i disse feilene.

Porten til vidda

Midt mellom øst og vest ligger Haukeliseter, ett av Turistforeningens aller mest populære hytter.

Fjortiser og fjell

Hva er vitsen med å klatre i fjell, egentlig?

Luke 15 er åpen

Fikk du ikke tak i billetter til Vinjerock? Nå har du sjansen til å sikre deg to festivalpass.