Nytt år, nye fjell, ny snø og nye eventyr

2016 syng på siste verset, ein randoneèsesong er forbi, og ein løpesesong avslutta. Det er på tide å oppsummere året som har gått, sjå framover og legge nye inspirerande planar.

MALENE B. HAUKØY

Malene (25) vokste opp mellom bakker, fjord og fjell i Høyanger. I 2013 ble hun historisk da hun tok Norges første verdenscup-seier i randonee. Hun har vunnet norgescupen tre år på rad, og er for tiden Norges beste, kvinnelige fjelløpere. Malene bor og trener i Sogndal, og studerer praktisk pedagogikk ved HiSF ved siden av landslagssatsingen. Malene er fast på UTEs blogglag

Eg har denne jula/Romjula teke turen til hytta på Oppdal. Min klare friplass der eg kan slappe av, nyte freden og spenne på skia rett utanfor hytteveggen. Det heile er optimalt. Her kan eg kombinere kvalitetstid med familien, store mengder mat, trening og kortreist snø. På nyheitene høyrer vi om Urds brutale herjingar på Vestlandet, medan me her i Trøndelag ser snøen dale ganske fredfullt. Det som byrja som panserføre vart omvandla til mjuk og djup pudder i skogen over hytta, som no har vorte til våt, tung, «sugesnø». 

Jula passerte i stormfart. Tida før jul var som alltid fylt med stress, forventningar og venting, og like plutseleg som julekvelden kom var den over.  Dei siste vekene før denne store dagen har vore eit mentalt mas. Kva skal eg gi mamma, kva ynskjer Bestemor seg, blir sambuaren Mikkel nøgd med det han får? Skal hunden Freja få grisehalar eller tyggebein til jul? Er desse julegåvene verkeleg så viktige? Definitivt ikkje. Sjølv ynskja eg meg absolutt ingenting. Det beste eg kunne få var ei oppleving anten ei teltovernatting i Innerdalen eller klatretur i Jotunheimen. Erfaring, oppleving og eventyr tek ein med seg resten av livet, ein fargerik genser er ute av mote om eit år eller to. Jula er blitt eit evig jag etter stort og dyrt, og med uendelige mange unyttige dupedingsar kledd i metervis med gåvepapir og store sløyfer. Me har det godt.

Me går eit nytt år i møte. Dei siste treningstimane for året går mot slutten, og snart er dei siste høgdemeterane gått. Tida går frykteleg fort, og før eg veit ordet av det er eg på veg inn i mitt 26 år i livet. Dette nye året byr på nye moglegheiter og eventyr, og basert på det eg har opplevd i livet så langt er det mogleg å ta nye steg, lære av feil og bygge vidare på tidlegare erfaringar.

Men tross denne julestria har året 2016 vore bra og minnerik for min del. Kring 850 treningstimar har det vorte, 17 randorenn, 9 lengre fjelløp og ein haug av lange treningsturar til fjells. Ein rekk mykje på 365 dagar dersom ein vil.

Randoneèsesongen 2016 stod ikkje heilt til mine forventningane. Eg deltok på mange World-Cuprenn, samt EM i utlandet og fekk med det sett mykje fin natur, kjøre sparsomt med snø enkelte plassar og presse på til det ytterste i ulike alpinbakkar. Men resultatlistene lyg ikkje, og målet om pallplass i sprintdistansen gjekk ikkje som planlagt. Min beste plassering vart 9.plass i EM. Det er lett å bli skuffa når ikkje måla blir oppnådd. Randoneè er ein idrett i stadig utvikling og kampen om marginene blir bare større og større. Skal ein henge med i sirkuset må ein ha høge mål og en god porsjon motivasjon samt ta nye og store steg kvar vinter.

Om vinteren gjekk litt ruskete er det kjekkare å sjå tilbake på sommaren og fjelløping. Eg valde i år å slenge meg med på litt fleire fjellløp og satse hardare på sommaren. Eg har ein NM tittel å sjå tilbake på, to 2.plassar som beste nordmann i to internasjonale konkurransar samt eit mislukka VM. Det knyt seg framleis i magen ved tanke på VM kor eg måtte bryte grunna magetrøbbel, og ettersom VM er det siste løpet eg sprang er det lett for å trekke det fram. Men utanom VM er eg svært nøgd med løpesesongen, og ser optimistisk fram til ein ny sesong med joggesko på. 

Frå hytteveggen i Oppdal har me gått opp ei løype på 300 høgdemeter av svært høg kvalitet. Heile familien har bidrege, og sporet kvalifiserer no til VM nivå. Julefeiringa byr på tid til overs og denne tida bør i mine auge nyttast til å herde beina i unnabakkane, terpe teknikken oppover og samle inntrykk og minner frå diverse toppar. Det lønnar seg å legge forholda enklast mogleg til rette for å komme seg ut, gjere dørstokkmila så låg som mogleg. Pinnekjøttet, ribba eller torsken smakar best etter ein luftetur. For min del har fokuset på treninga vore teknikk og arbeidsøkonomi. Det er med tungt hjarte er innrømmer at skiforholda i Sogndal før jul har vore tragiske, og den menga eg burde hatt på ski var vanskeleg å få. Difor har det vore gull verdt å kunne gå mykje på ski her i Oppdal og jobba med teknikken.

Det er ein siste dag igjen av året 2016. Alle dei pesimistiske og negative tankane er på tide og fordøye, og nye positive tankar skal etablerast. Måtte 2017 bli eit nytt, raskt år. Godt nytt år godtfolk !! 


 
 
VIS KOMMENTARFELT

Gikk du glipp av?

    Min frihet

    Min frihet

    Se for deg fjell. Se for deg sjø. Se for deg solnedgang. Eller sol som aldri går ned. Nordlys på himmelen. Frisk bris i håret. Gleden av å være ute. Og så: fortell meg at du ikke liker det. At du ikke trenger det. Ikke vil ha det.

    Usynlig funksjonshemmet

    Usynlig funksjonshemmet

    Bare de som kjenner henne godt, vet at Maria Kittilsen (27) er mye svakere i venstre side av kroppen. Dansen måtte hun legge på hylla. Men i møtet med naturen blir hun fri.

Les de siste sakene om utstyr

Noe for hodet

Noe for hodet

Hold hodet varmt – eller kaldt – og behold stilen i sommer.

Klassikeren: Camelbak

Klassikeren: Camelbak

Handsfree for de tørste.

Hvilken sykkel går du for?

Hvilken sykkel går du for?

Sykling har aldri vært mer i skuddet enn nå, men hvilken sykkel skal du velge? UTEs sykkelekspert Sjur Melsaas guider deg gjennom jungelen.

Lette toppturstøvler

Lette toppturstøvler

Skistøvler i vektklassen på en drøy kilo er det perfekte til toppturer.

GUIDE: FELLESKI

GUIDE: FELLESKI

Velkommen til en ny og enklere langrennsverden.

10 tur-apper

10 tur-apper

Om du ikke sverger til Pokémon-jakt, finnes det mange andre apper som er kjekke å ha med på tur og som kan få deg ut.

Les de siste sakene fra Magasin

Stølsheimens røde hjerte

Stølsheimens røde hjerte

Sørg for at det er kveldssol når du ser Raudberget for aller første gang.

Kystens konge

Kystens konge

Jeg har ikke tall på hvor mange ganger jeg har ligget langflat på bakken og sett opp på havørna som seilet rundt der oppe, og drømt om å selv kunne være en ørn for en dag!

Høyfjell i Bergen

Høyfjell i Bergen

De fleste kjører motorveien fra Åsane til sentrum av Bergen, men å ta omveien til fots over fjellet er en mye spenstigere transportmetode.