Med fjellet som arena

Ein lang reisedag er over og me er godt planta på over 2000moh i Sestriere kor me skal tilbringe den neste veka før ein ny verdscup. To verdscuphelger er over og plan «toppform til EM» er i rute.
Det er ein draum å trene intervallar i slike omgivnadar. Her frå Champery i Sveits.
Det er ein draum å trene intervallar i slike omgivnadar. Her frå Champery i Sveits.

MALENE BLIKKEN HAUKØY

Malene vokste opp mellom bakker, fjord og fjell i Høyanger. I 2013 ble hun historisk da hun tok Norges første verdenscup-seier i randonee. Malene er en av Norges beste kvinnelige fjelløpere og selvskreven på landslaget i randonee. Hun bor og trener i Sogndal.

For å få med neste innlegg, abonner på vårt nyhetsbrev!

Sola har akkurat måla dei høgste fjella kring oss her i Sestriere gule. Me har fått ein fin leilegheit i Italiensk stil, med rosa/lilla interiør på badet, komfyr men ikkje steikeomn, gullbelagt dekor på veggane, skikkeleg dyne framfor laken og teppe og best av alt ein terrasse kor me kan nyte utsikt og sol. Kroppen er dvask etter ein lang dag på farten i går, og dagen i dag vert av den rolege sorten.

Dei to fyrste verdscupane er over, ein i Sveits og ein i Andorra. Formen var som forventa stigande. Grunna vær og vind vart 4 konkurransar redusert til 2. Frykteleg kjedeleg men slik er det å ta del i uteidrett i fjellet. Alt av førebuingar og spenning var forgjeves, me let oss irriterte og frustrere, men sikkerheita må komme fyrst!

Dansen byrja i Villars Sur Ollon i Sveits heldigvis for oss ikkje så altfor høgt. På programmet stod det individuell og sprint, resultatet vart berre individuell. På start med norsk flagg på brystet stilte Stine Haustreis, meg sjølv, Glenn Tore Løland og Lars Erik Skjervheim. Ingen av oss med skyhøge ambisjonar. Resultatet vart midt på treet for utan Lars Erik som truleg gjekk sitt livs løp den laurdagen. Berre så synd at han tre dagar seinare pådrog seg ein liten hjerneristing etter å ha vorte for ivrig under ein pissepause. Detaljane sparar eg på, her er lov å bruke fantasien. Med det måtte Lars Erik stå over den neste verdscuphelga og formen hans blir verande eit mysterium. Hadde vossingen ein kanondag utanom det vanlege eller er han rett og slett i skremmande god form dette året? «Time will show!»

På veg mot neste verdscup i Andorra vinka Glenn Tore farvel for nokre dagar og tok turen heim til Sauda for å skaffe seg hus. Me tre attverande finpussa spansken og svinga oss oppover mot Andorra å Arcalis og Arinsal. Her skulle me gå individuell og vertikal med start på godt over 2000moh. Også her stod me klare som egg ved start å håpa på å gå individuell på laurdag morgon, men værgudane ville det annleis. Lars Erik som framleis var surrete i hovudet var med som duskedame og fotograf, men været tillet dessverre ikkje pom- pons og heiing ute i fjellet den dagen. Nok ein skuffelse. Vertikalen dagen derpå vart i stor kontrast til laurdagen, og sola steika som Stine ikkje har sett ho i Tromsø på mange månadar. Vertikalen vart også sendt direkte på TV, så me pynta oss så godt det let seg gjere og tørka slev og snørr med jamne mellomrom.

Lars Erik og Stine nyt sol og høgde i Sestriere. Her på 2500 moh. 

 

750 høgdemeter med smerte og negative tankar under vertikalen i Andorra!  Foto: Lars Erik Skjervheim

For min del fekk beina ei overrasking når startskotet gjekk. Dei beste damene i verda sparer ikkje på kruttet og tempoet frå start kjem som julekvelden på kjerringa kvart år. Men med stor M, følelsen etter desse to helgene er god. Eg føler eg er i rute. Som venta er eg ikkje i konkurranseform enda, men eg føler meg sterk og har trua på opplegget vårt fram til EM. No ventar 8 dagar i høgda med trening, «taning», kviling og eting før ein ny runde med startnummer, gel, sportsdrikk, «gliding» av feller, sikling av ski og nervøs mage i Puy Saint Vincent.

Dagane i sørlege delar av Europa er herlege. Me får sett ny vill natur, opplevd andre kulturar og fokusert på det me likar. Det røskar likevel litt i pudderkneet når eg får Snap og bilete frå Sogndal. Snøen dumpar lett og stort, den raske hunden min heime kjempar desperat mot djupsnøen og sambuaren manglar ski breie nok til å halde flyten oppe. Men ein kan ikkje få i pose og sekk akkurat no. For prestasjonen min denne vinteren tek eg nok ein fornuftig val ved å tilbringe tid her eg er no framfor laussnøkøyring i Sogndalsdalen.

Når eg no skriv desse orda er klokka godt over 09.00. Ein lat morgon går mot formiddag. Etter ein lang reisedag og med konkurransen frå helgi framleis i kroppen står restitusjon øvst på lista og det betyr timar med ro og kvile under dyna for å halde baseluskar og sjukdom vekke. Iveren etter å kikke på fjella kring tok likevel overhand for min del, og eg vart fyrste raske opp av senga denne morgonen. Gruppas eige b-menneske, Lars Erik, ligg framleis godt planta under dyna og det er uvist når bjørnen vaknar.

Innimellom soling, kviling og eting vert det tid til litt trening og. Her frå intervallar i staden for konkurranse der målet var å gi alt. 

Foto: Lars Erik Skjervheim.

Vårt vetle eventyr her i sør held fram. Me gjer så godt me kan for å optimalisere alt som kan påverke formen vår framover samstundes som me smører den mentale helsa med gode opplevingar og minner på netthinna. Det skal vere eit slit å bli betre i idrett, men det skal også vere kjekt. Fordelen vår er at me sjølv syns me har oppdaga verdas råaste og flottaste idrett, slik at trening og konkurranse til tider opplevast som ein dans på roser.

Naturen er ein spektakulær idrettsarena!

Foto: Andre Jonsson

  


 
 
VIS KOMMENTARFELT

Gikk du glipp av?

    En helgekriger i verdensklassen

    TOPPTURFEBER (S2E4): Er det virkelig mulig for en vanlig mann å få med seg alt dette i løpet av en vintersesong? Nei. Bård Smestad er en helgekriger i en klasse for seg. Se og hør ham fortelle om noen høydepunkter.

    KAKE PÅ PRIMUS

    Denne deilige kaka lager du i turpanna!

Siste saker

På eventyr i Flatanger

Fabelaktig fridykking, mystiske grotter og sportsklatring i verdensklasse. Flatanger har alt, og havkajakk er nøkkelen til eventyret.

– Vi må jo ned

Historien om 1000 høydemeter bomtur.

Test av løpesekker

Vil du prøve deg på lengre løpeturer i år, kan det være kjekt å ha med en liten sekk til det aller viktigste. Vi har testet 9 løpesekker mellom 4 og 12 liter.

Siste saker

Hett på sykkelsetet i Sudan

Ukjent utfordring i vente.

Skagastølsryggen i Jotunheimen

Turen over Skagastølsryggen er en av de aller fineste og mest klassiske ryggtraversene i landet.

Vårski i Stryn

Stryn og Nordfjord frister med flotte fjell, og kjentmann og Tindevegleder Einar Løken tipser om de beste turene.

12 ting å vite ved kjøp av elsykkel

Elsykkelen er mye mer avansert enn den vanlige, strømløse sykkelen du kjenner fra før.

Test av kjelesett

Vi har testet kjelesett for deg som skal ha med både den ene og fjerde på tur.

Sommerens ungdomscamper

Sommer og skolefri åpner opp mulighetene for å gjøre noe av det du liker aller best, eller kanskje prøve noe helt nytt.