Leva livet

Instagram, Snapchat, Facebook, Twitter, VG. Det er eit hav av muligheter og distraksjoner i den teknologiske verda. Det teke fokus og stel tilstedeværelse. Kva med ferie frå sosiale medier?

MALENE BLIKKEN HAUKØY

Malene vokste opp mellom bakker, fjord og fjell i Høyanger. I 2013 ble hun historisk da hun tok Norges første verdenscup-seier i randonee. Hun har vunnet norgescupen tre år på rad, og er for tiden Norges beste, kvinnelige fjelløper. Malene bor og trener i Sogndal, og er fast på UTEs blogglag

Kall meg gjerne gammaldags! Sambuaren min vert dagleg skremd over min manglande evne til å handtere teknologiske verkemiddel. Eg er til stadighet avhengig av hjelp for å skru på den «avanserte» apple-TV`n eller koble til Internett på PC`n. Sanninga er den at eg interesserer meg sånn passe for slike ting. Noko inne meg trur framleis at dei teknologiske framskritta har nådd sitt tak, og at behovet for å lære seg dei nye duppedittane ikkje er naudsynt. Slik ser det ikke ut til å vere, og eg ligg stadig på etterskot og må be om hjelp. Kan ikkje alt vere enklet og naturleg? Alt var mykje betre før sjølvsagt!

Det er eit vidt sprekter av inntrykk når ein spring ute i fjellet. Bilete frå puddertoppen Togga i Sogndal.

Me lev i ein kvardag der PC, Mobil og TV er kome for å bli. Når alt kjem til alt nyte eg godt av dette, men det store presset, informasjonen og delinga som skjer på det vide netter gjer meg stressa og mentalt sleten til tider. Det er så mangt eg må følge med på, det er så mykje som påverkar. Alt skal dokumenterast, ellers har det ikkje skjedd? Treng eg ferie frå teknologien?

Om ein søkjer på trening på Google dukkar det opp 42.600.000 resultat, tek ein den engelske versjonen «training» får ein 2.150.000.000 treff. Ergo er eg ikkje aleine om å meine noko om temaet. Dette gjeld det meste me bedriv. Informasjon vert slengd over landegrensene og ein får det i fanget anten ein vill det eller ei. Web Cookie har nemnleg gjort det mogleg for merker, butikkar og søkstreff å lagre og fange opp våre interesser og søkeord, og såleis sende oss reklame i passande stil. No er eg på meget tynn is, og skriv om ting eg kan minimalt om, men poenget er at ein vert påverka frå alle kantar, trening, turtips, kosthald.... Nokre påverkar oss positiv andre ikkje, men det kan vere så enklet som å droppe mobilen under løpeturen, eller ikkje ta den med på telttur for å unngå desse uromomenta. No skal ikkje eg stille meg i front som eit godt eksempel, for det er eg langt ifrå. Eg deler mykje av det eg gjer på Instagram anter det er trening eller turar i fjellet, og for nokre kan det nok opplevast som stressande eller arrogant, ikkje veit eg.   

Nytt turterreng: Padling i Lustrafjorden

Sommar for meg betyr ferie frå så mangt og tid til å gjere det eg vil nemleg å ferdas i fjellet. Det er ferie frå det daglege kav og mas forutan ein ting, mobil. Enn kor eg går, om eg spis frukost, legg meg for kvelden eller er ute på springetur er den vetle kameraten med. Er det dårleg vær pakkar eg han godt inn i pose, og legg han pent i sekken som om han skulle bety alt for meg. No om dagane held eg til på fjellet på eit knøte rom for meg sjølv. Her er mobieln den siste eg ser før eg legg meg, og den fyrste eg helsar på om morgonen (eg er litt «grumpy» før eg har fått kaffi, så det er igrunn greit).  

Sjølv om eg føler eg får gjort det eg vil, og sjølv om eg er langt frå by, folk og dei største turisstraumane her på Turtagrø,  opplever eg å bli stressa av ting rundt meg. Eg kan sitje ved elva å "skrølle" på telefonen og føle at det er så mangt eg burde gjort. No let eg meg nok lett stresse, men det er facinerande kor mykje støy som kjem ut av ein så liten boks. ALT ligg der! Det er ikkje før eg spring på tur utan telefon at eg verkeleg finn roen. Men også utan mobilen kan eg verte stressa spesielt om eg ikkje trenar. Av vane er eg avhengig av at det skjer noko HEILE tida, og det tek trening å finne roen utan mobilen. Det å vere fysisk og/eller mentalt tilstede er ikkje ein og same ting. Det er lett å verte meir oppteken av å ta bilde av fossen eller fjella kring, enn å nyte opplevinga her og nu. 

Eg meiner ikkje at den stakkar mobilen er rota til alt vont. Telefonen gjer det mogleg å ta vare på minner i bilde eller videoform, eller dele direkte via Snapchat. Men eg persoleg opplev ein større glede ved å vere ute i fjellet når eg fokuserar fullt og heilt på det, og mindre på kva eg skal dele med andre når eg kjem heim frå turen. Naturen er naturleg og vakker, og treng ikkje filter for å imponere meg. Ingen bilder eller film kan gi eit like sterkt inntrykk som det eg opplever direkte når eg er ute. Eg vil difor oppfordre til å skru telefonen på lydlaus og putte han trygt og godt i løpesekken eller i topplokket på dagstursekken. Om ein først skal nytte seg av han, ta bilder eller skjekke kart anbefaler eg å skru av varslingar. Sjølv har eg (med hjelp sjølvsagt) skrudd av alle mine og slepp smilefjes-svar frå samtlege i familiechatten eller «likes» på Instagram. 


 
 
VIS KOMMENTARFELT

Gikk du glipp av?

Siste saker

Styggemann

Styggemann

Det ligger i luften. Vinden, varmen fra sola, snøværet og tegn på at noen ganger går ikke alt som det skal.

10 varme dunjakker

10 varme dunjakker

På de kalde dagene er det lite som slår en god og varmende dunjakke. Her er ti vinterversjoner!

Turvettregel #1

Turvettregel #1

Hell i uhell ved kanten av verdens største saltslette.

Les mer på UTE-bloggen

Siste saker

EVENTYRER-FINALIST: NANSENRUTA 2017

EVENTYRER-FINALIST: NANSENRUTA 2017

Linda Eirin Eiken og Therese Moe Øye gikk over Grønland i Fridtjof Nansen sine fotspor. Og attpåtil på høsten, som gir både åpne sprekker, smeltevann, alt av føre og kuldegrader, og en håndfull stormer underveis.

Viser verdens beste fjellfilmer

Viser verdens beste fjellfilmer

Banff Film Tour er på vei til Oslo.

EVENTYRER-FINALIST: Martin Skaar Olslund

EVENTYRER-FINALIST: Martin Skaar Olslund

Martin Skaar Olslund har årets hardeste fribestigning i norske fjell. Etter 24 timers klatring, og flere forsøk, gikk han Stormpillaren på Vågakallen i Lofoten, som er satt til grad 9.

Hvordan ta vare på teltet

Hvordan ta vare på teltet

Det er flere ting du kan gjøre for å ta godt vare på teltet ditt. Men ikke tenk på å putte det i vaskemaskinen!

Eventyrer-finalist: Henriette Bjørge

Eventyrer-finalist: Henriette Bjørge

Henriette Bjørge jobber for at barn og unge i Afghanistan skal finne glede i snøen vinterstid. Dermed får spesielt jentene både nye rollemodeller og muligheter.

Eventyrer-finalist: fra Bøler til Beijing

Eventyrer-finalist: fra Bøler til Beijing

Å sykle fra Bøler til Beijing ga 158 døgn på tur, spennende opplevelser og all slags vær for Truls Hestengen og Jostein Hult.