Karibu Kenya!

Eg var faktisk litt lei meg då eg sykla mine siste ti kilometer i Tanzania med kurs for grensa til Kenya.
MØTE MED MASAIANE: Kven hadde vel visst 36 timar tidlegare at eg, Florence, Rose og til og med Jeremiah kom til å vera blanke i auga og ikkje ha lyst til å sei farvel?
MØTE MED MASAIANE: Kven hadde vel visst 36 timar tidlegare at eg, Florence, Rose og til og med Jeremiah kom til å vera blanke i auga og ikkje ha lyst til å sei farvel?

CAPE TIL KAPP

Teresie Hommersand (31) har studert og jobbet i Cape Town i seks år. Hun kom dit som utvekslingsstudent fra Universitetet i Bergen, og trivdes så godt i byen at hun fullførte bachelorgraden i utviklingsstudier og mastergrad i administrasjon og organisasjonsvitenskap der. Hun jobbet ett år som praktikant i Cape Town sitt Climate Change Directorate, som tilsvarer fylkeskommunen her hjemme. Nå som hun flytter tilbake til Europa vil hun sykle i stedet for å fly, og har lagt ut på en solo-tur på totalt 17.400 kilometer fra Cape Town til Nordkapp. Underveis deler hun sine opplever fra sykkelsetet med oss.   
For å få med neste innlegg, abonner på vårt nyhetsbrev

Eg stoppa eit par gonger. Snudde meg. Såg bakom meg på strekninga som eg nettopp hadde lagt bak meg. Eg hadde det heilt fantastisk på grusvegen i Tanzania! Så mange hjartelege møte. Kvar dag. I ti dagar. Så mykje omsorg. Nyfikenskap. Sjenerøsitet. Ikkje rart eg var litt melankolsk.

Etter å ha fylt ut alle skjema, fått dei rette stempla og tatt det obligatoriske biletet av meg og sykkelen på grensa, sykla eg mine fyrste kilometer i Kenya. Denne dagen enda eg opp med å betale alt for mykje for ein brus på ein bensinstasjon og sjå ei svær, daud hyene i grøftekanten – gapande – og med ein hund som forsynte seg av bakdelen til dette dyret. I dèt det nærma seg solnedgang, var eg framleis på sykkelen, litt uroleg for at eg ikkje hadde funne ein plass for natta. Standardprosedyra mi etter ein dag med sykling er å finne eit hus og heilt tilfeldige folk og spørje om eg kan slå opp teltet mitt hos dei for natta. Eg har blitt ganske flink til dette. 100% suksess så langt! Veit ikkje om det vitnar mest om gjestfriheita i landa eg har reist igjennom eller om sjarmen min. Kanskje begge deler? ;-)

Fyrste natta i Kenya enda eg opp hjå Jeremiah og Florence! Eg traff Jeremiah langs vegen, heilt tilfeldig. Han tok meg med på ein sti gjennom buskas og over koller heim til den tradisjonelle Masaai-bustaden sin! Her var det ikkje mykje sement og takstein. Leire, kumøkk og gras! Kanskje det var hyggja rundt eldstaden, teen, spørsmålet om eg likte kublod, kapitalisme versus kommunisme. Eller lysta til å delta i landsbyen si feiring av ein gut sin omskjæring og bestått eksamen dagen etter, som gjorde at eg blei verande ein dag. Den natta i det eg gjekk til ro i teltet mitt, kunne eg høyre stemmer frå husa på motsatt knaus der det vart laga i stand mat til festivitasen dagen etter. 

"

«Eg var på ingen måtte kledd for høvet der eg sat i t-skjorta mi og den pysjamasliknande buksa mi.»

"

Damene var framleis i full sving med kokkeleringa då me kom til festen tidleg på føremiddagen dagen etter. Aldri før har eg sett så store gryter, så mykje mat, så mange geiter som har blitt slakta. Sjølv om ein syklist alltid er svolten, måtte eg takke nei til noko av maten som blei servert. Eg var stappa! På alle kantar var det damer og jenter kledde i den karakteristiske og vakre tradisjonelle Masaai habitten. I fleire dagar hadde eg beundra stilen deira då eg sykla forbi Masaai-kvinner langs vegen nord i Tanzania. Smykkene deira, øyredobbane, armbanda - fargerike og skinnande - gjorde dei synlege på lang avstand i det elles jordfarga landskapet. Eit flott syn.

Eg var på ingen måtte kledd for høvet der eg sat i t-skjorta mi og den pysjamasliknande buksa mi. Rose, Jeremiah si bestemor, spurte om eg ikkje hadde noko anna eg kunne skifte til. Eg prøvde å forklare at eg ikkje har med meg finklede ettersom det ikkje er ein del av ‘bicycle touring essentials’. Ein vil ikkje drasse rundt med noko som strengt tatt ikkje er naudsynt i eit forsøk på å ha så lette sykkelvesker som mogleg. Etter ei lita ordutveksling som eg ikkje forstod så mykje av med ei anna bestemor, sa Rose; ‘bli med meg’. Så lånte dei to bestemødrene meg ein kjole og smykke dei sjølv hadde laga – eg hadde fått tilgang til masaaiane sin heilage gral. Eg vart så glad, følte meg så inkludert, særleg etter fleire mislukka forsøk på å få eit bilete av damene langs vegen. Eg ville ikkje betale for det. Mange masaiar har lært å tene pengar på interessa for kulturen deira. Då me returnerte til selskapet sa alle: «Wow, you look so nice!».

Resten av dagen sat eg i skuggen og høyrte på talar og song over eit høgt og sprakande lydanlegg. Det vart dansa. Det vart oppfordra til å ikkje ta stoff. Eg enda opp med å blunde på fanget til ei av damene. Eg registrerte at nokon andre la eit teppe over meg. Om kvelden då me satt rundt eldstaden igjen og eg returnerte smykka eg hadde lånt, kjentes det som om noko mangla rundt halsen min. Eg sa eg følte meg tom utan dei. Så, heilt uventa, reiste Florence seg og fann fram eit av hennar smykka og berre gav det til meg. Eit minne om henne, sa ho. Sjølvsagt ikkje naudsynt, men eg sette utruleg stor pris på det! Rose hadde allereie gitt meg eit armband som eg verdsette djupt. Det er handlingane, ikkje nødvendigvis gjenstandane som er så spesielle for meg. Det er kva dei representerer. Dei spurte om eg ikkje ville bli ein dag til.

Dagen etter, om morgonen, etter å ha blitt servert den eine koppen med te etter den andre, sa me 'ha det'. Det var vanskeleg å halda tårene tilbake. Eg klarte det ikkje. Kven hadde vel visst 36 timar tidlegare at eg, Florence, Rose og til og med Jeremiah kom til å vera blanke i auga og ikkje ha lyst til å sei farvel? Eg sykla vidare, overausa med gode ynskje og håp om at kjem tilbake ein dag. Eg tviler på at eg nokon gong kjem til å sjå dei att. Eg vil uansett alltid, alltid hugse dei og kjenne meg utruleg heldig og veldig takksam for at eg trefte dei. Så mykje at eg har vanskar for å sjå kva eg skriv nett no. Det er dette som er så vakkert med å krysse kontinent på sykkel. Openheita. Tilfeldighetene. Oppdagingane ein gjer. Spontaniteten. Og faktisk kjærleiken.


 
 
VIS KOMMENTARFELT

Gikk du glipp av?

Siste saker

Test av kjelesett

Vi har testet kjelesett for deg som skal ha med både den ene og fjerde på tur.

Sommerens ungdomscamper

Sommer og skolefri åpner opp mulighetene for å gjøre noe av det du liker aller best, eller kanskje prøve noe helt nytt.

En helgekriger i verdensklassen

TOPPTURFEBER (S2E4): Er det virkelig mulig for en vanlig mann å få med seg alt dette i løpet av en vintersesong? Nei. Bård Smestad er en helgekriger i en klasse for seg. Se og hør ham fortelle om noen høydepunkter.

Siste saker

Eit 24 timars verdsrekordforsøk

Eit 24 timars verdsrekordforsøk

24 timar, ein skibakke, 460 høgdemeter (hm) og 3 stk. Optimistiske sjeler frå start som etter kvart var meir og meir nedstemte.

Les mer på UTE-bloggen

Går for verdensrekord i helga

Malene Blikken Haukøy må gå mer enn 10 000 høydemeter på ett døgn skal hun sette verdensrekord – og det prøver hun på i helga!

KAKE PÅ PRIMUS

Denne deilige kaka lager du i turpanna!

Tustnastabben

Turtips for fjellrangleren på Nordmøre.

Padling på Tjøme

Turtips for padleren: Hui Rundt.

Hvilken type motor bør du gå for?

Elsykkel med hjulmotor eller krankmotor?