Reiselivet må bli ein naturforvaltar

Norge vil bli verdsleiande innan aktive, naturbaserte opplevingar. Skal me nå dette målet, må reiselivsnæringa ta større ansvar for naturen turistane kjem for å sjå.

Sist oppdatert 15. november 2017 kl 11.45
bærekraftig reiseliv
Med Loen Skylift kan du reise frå fjord til fjell på fem minutt, opp til Hoven 1011 meter over havet. Med over 80.000 besøkende er blitt ein formidabel turistattraksjon i Sogn og Fjordane. Illustrasjonsfoto: Lars Korvald

20. MAI STOD Dronning Sonja der, høgt over fjordar og blånar, på fjellet Hoven i Nordfjord.

Ho hadde nettopp opna Loen Skylift, den imponerande gondolbana som tek deg frå fjord til fjelltopp på få minutt.

Med dronningbesøket fekk utviklingshungrige reiselivsaktørar ei vitamininnsprøyting, for dronninga likte det ho såg.

I eit intervju med NRK helsa ho framtidige utbyggingar av same slag velkommen.

«Vi har så mykje natur i Norge at vi må vere rause med kvarandre, også dele naturen med dei som ikkje kjem seg dit på eiga hand», uttalte dronninga – og stakk dermed handa inn i eit vepsebol. 

Å VERE rause med kvarandre er sjølvsagt ei god tanke.

Å dele på naturen er òg rett, og ein viktig del av norsk friluftstradisjon.

Men gondolbaner, masseturisme og tilrettelegging gjennom fysiske inngrep i naturen er ofte konfliktfullt.

Det møter òg motbør frå deler av reiselivsnæringa sjølv. I Sogn og Fjordane ivrar delar av reiselivet for ein tunnel til eit utkikkspunkt på Tverrfjellet, like ved grensa til Jostedalsbreen nasjonalpark.

Eit anna ønskje er via ferrata, ein tilrettelagd klatresti, opp til Hornelen, Europas høgaste sjøklippe.

Begge delar vil kunne by på spektakulære opplevingar, men forslaga har òg møtt kritikk frå andre delar av næringa.

Ofte med prinsippfaste tindevegleiarar i spissen.

ANDRE REISELIVSAKTØRAR teier. Kva dei med det samtykker til, er uvisst. Reiselivet si satsing på natur- og opplevingsverdiar verkar uklar og tidvis sjølvdestruktiv.

Ei vesentleg forklaring er at reiselivet ikkje har tradisjon for å måle suksess i noko anna enn talet på gjestedøgn.

Men på eit eller anna tidspunkt vil veksten i gjestedøgn krevje ei betre forvaltning av areala som er til rådvelde.

For norsk reiseliv er det tidspunktet no. 

REISELIVET VEKST vilt i Norge for tida. Utviklinga følgjer ein internasjonal trend, der talet på turistar som søker naturopplevingar er sterkt veksande.

Satsing på opplevingsturisme er difor ein bevisst nasjonal strategi.

Samstundes posisjonerer reiselivet seg i nye, internasjonale marknader. Til saman gjer dette at reiselivet sin bruk av norske naturområde er i drastisk endring.

Der turistane tidlegare var passive tilskodarar, er dei no blitt aktive brukarar.

Kan me då òg forvente at reiselivet blir einaktiv forvaltar av naturverdiane våre, som ligg til grunn for den veksande opplevingsturismen? 

«Å vere rause med kvarandre er sjølvsagt ei god tanke. Å dele på naturen er òg rett, og ein viktig del av norsk friluftstradisjon. Men gondolbaner, masseturisme og tilrettelegging gjennom fysiske inngrep i naturen er ofte konfliktfullt.»

ENKELTE STADER i reiselivs-Norge tek nokon grep.

I Sogn og Fjordane har fylkeskommunen utvikla ein plan som skal styre utviklinga av reiselivet. P

lanen er ambisiøs, og krev at kommunar og destinasjonsselskap følgjer opp initiativet.

Destinasjonsselskapa kan følgje opp med såkalla «masterplanar», altså langsiktige og heilskaplege planar, for dei enkelte reisemåla.

Masterplanar gjer at reisemålsselskapa sjølv kan ta tydelege standpunkt i forvaltningsspørsmål for å oppnå klårare praksis i næringa.

Etter vår meining bør også kommunane utarbeide tydelegare og meir langsiktige reiselivsstrategiar i staden for å vingle frå sak til sak.

I 2017 fordelte staten nokre millionar til nyvinninga «Nasjonale turiststier», men ei ordning som finansierer fellesgode i resten av reiselivet let vente på seg. 

HISTORISK SETT er det friluftslivsorganisasjonane som har fungert som forkjemparar og kranglefantar på naturverdiane sine vegne.

I våre dagar er grensa mellom turist og friluftsutøvar i ferd med å bli viska ut, og difor har reiselivet noko å lære noko av dei – det handlar om å bli synleg, om å ta ordet for verdiane ein lever av. 

Ein gjennomgang av 100 småkraftsaker i Sogn og Fjordane syner at friluftslivsorganisasjonane er godt synlege i dei aller fleste sakene, anten dei stiller seg positive eller negative til utbygging. 

Reiselivet er på si side knapt mogelege å få auge på i desse sakene.

Det kan forklarast med at småkraftsakene sjeldan vert fanga opp av større reiselivsorganisasjonar, eller at det ikkje ligg openberre reiselivsinteresser i utbyggingsområda.

Men på lang sikt kan passiviteten hjå reiselivsorganisasjonane slå feil ut. 

«Reiselivet si satsing på natur- og opplevingsverdiar verkar uklar og tidvis sjølvdestruktiv. Ei vesentleg forklaring er at reiselivet ikkje har tradisjon for å måle suksess i noko anna enn talet på gjestedøgn.»

FAREN ER at reiselivet vil oppdage dette for seint.

I åra som kjem, vil opplevingshungrige turistar ta i bruk stadig nye naturområde.

Det grøne skiftet, med utbygging av fornybar energi legg samtidig band på areal.

Dette må reiselivet sjå i samanheng, for kvar gong me byggjer ned urørd natur, mistar me ikkje berre skogar og bekkar, men òg eit framtidig salsfortrinn.

Slike omsyn bør få større tyngde i vurderinga av utbyggingssaker - og det er reiselivet som sit med bevisbyrda. 

GODE TIDER gjer dessutan at reiselivsbedrifter kan plukke meir selektivt frå kundemassane.

Vil norsk reiseliv ha betalingsvillige og kvalitetsmedvitne turistar, er det også eit argument for å ta tydelegare standpunkt i utbyggingsprosessar.

For «kremturistane» er nemleg inngrepsfri natur eit kvalitetsteikn, og kanskje det som får dei til å velje Norge.

Den samla verknaden av alle utbyggingar eit område er dårleg dokumentert i Norge.

Kor mange kraftutbyggingar eller fjorddeponi toler fjord-Norge før dei kresne turistane vender tommelen ned? 

NATURBASERT REISELIV

• Hva gjør vi med alle turistene?

• Fjellturisme i krise

 Pass opp for allemannsanarkiet

I en rekke kronikker og artikler har UTE satt søkelys på utfordringer som følger med økt interesse for naturbasert turisme. Har du innsikt i temaet og vil bidra? Send oss en e-post merket «kronikk/debatt».

VÅREN 2017 heldt Fjord Norge og De Historiske eit seminar om verdien av urørt natur.

Dei tunge reiselivsaktørane samarbeidde med Bergen og Hordaland Turlag og Naturvernforbundet om seminaret, som tok for seg korleis me forvaltar reiselivet sin viktigaste føresetnad – naturen.

Noko anna lovande skjedde under Arendalsveka i haust, då ei samla reiselivsnæring lanserte eit «Vegkart for berekraftig reiseliv».

I dokumentet ser me konturane av ei oppvakning.

Næringa er klar på at utbyggingar i veg- og energisektoren må ta meir omsyn til reiselivsnæringa.

Dei tek til orde for å hindre slitasje på naturen, sikre allemannsretten og at «natur- og kulturkapital» vert verdsett tilstrekkeleg i vedtaksprosessar.

DETTE ER nye takter frå reiselivet, og det blir interessant å sjå kva retning næringa vel å gå i.

Etter vår meining bør næringa både ta styring over si eiga utvikling og engasjere seg meir i utbyggingssaker som påverkar framtida deira.

Dronning Sonja har rett i at reiselivet må vere rause med folk som ikkje kjem seg ut i naturen på eiga hand.

Men viss Norge skal lukkast med å bli verdsleiande innan aktive, naturbaserte opplevingar, må me òg lære å ta vare på naturen vår. 

Denne kronikken vart først publisert i Firda og Sogn Avis. 

Kronikk

Skjermbilde 2017-11-15 kl. 11.47.00

Ida Marie Gildestad er forsker ved Vestlandsforsking. 

Skjermbilde 2017-11-15 kl. 11.47.17

Torkjel Solbraa er forsker ved Vestlandsforsking.

Publisert 15. november 2017 kl 11.45
Sist oppdatert 15. november 2017 kl 11.45
annonse
Relaterte artikler
annonse

Utemagasinet.no utgis av Fri Flyt AS | Postboks 1185 Sentrum, 0107 Oslo

Ansvarlig redaktør og daglig leder: Anne Julie Saue | Redaktør: David Andresen Vesteng | Journalist: Gunhild Aaslie Soldal | Tips til redaksjonen

Kommersiell leder: Alexander Hagen