Norges beste randoneeløper

Han har ikke satset på randonee i så veldig mange år, men han har allerede rukket å vinne norgescupen sammenlagt, bli norgesmester og vinne historiens første kongepokal i randonee. Jeg har tatt en prat med Norges beste randoneeløper, Lars Erik Skjervheim.

Sist oppdatert 8. oktober 2014 kl 21.39
RANDO-KONGEN: Randonee-løper Lars Erik Skjervheim er i rute foran årets sesong. Foto: Kjersti Solvoll Bakketun Tronvoll
RANDO-KONGEN: Randonee-løper Lars Erik Skjervheim er i rute foran årets sesong. Foto: Kjersti Solvoll Bakketun Tronvoll

OLAV B. TRONVOLL

Skjermbilde 2014-02-11 kl. 20.04.09

Orkdølen har vært på randoneelandslaget siden 2008. Olav representerer IL Fjellmann, bor i Søvasslia i Orkdal, er utdannet energimontør, men satser fullt på randonee. Olav blogger mest om randonee-livet, slik at alle som er interessert i en raskt voksende idrett kan få innblikk i hva de driver med.

LARS ERIK SKJERVHEIM

Alder: 33

Bosted: Voss

Sivilstatus: Samboer

Jobb: Brannmann

Hvor lenge har du drevet med randonee?

– Tja, på ein måte så har eg jo drive på med dette sidan eg var liten, sjølv om eg ikkje visste det sjølv, opp og ned i bakkane, men då utan randoneeutstyr. Ordet randonee kjem jo eigentleg av fransk og enkelt oversett betyr ordet ut på tur. Då eg var mindre sprang eg mykje rundt i skog og mark og stod mykje på alpint, telemark og snowboard før eg for fire år sidan kjøpte mine fyrste randoneeski. Då blei fjellskia og telemarkskia lagt på hylla – for godt (trur eg).

Les også: Skjervheim tok pokalen

Les også: Førstemann opp Gaustatoppen

Hvordan synes du at forrige sesong gikk?

– Førre sesong gjekk eigentleg veldig bra, sjølv om eg sjelden er veldig nøgd med eigne prestasjonar. Det er vel moglegvis ein del av drivkrafta mi, som får meg til å jobbe endå hardare i framtida.

Hva var ditt beste renn i forrige sesong? 

– Det beste løpet mitt var nok verdscupen som gjekk i Tromsø midt i april (15.plass).

Har treningen i sommer gått som planlagt?

– Treninga i sommar har gått veldig bra. Med ein så flott sommar har det vore relativt enkelt å banke mange og gode treningstimar i fjellet.

Hva er kommende sesongs største mål?

– Denne sesongen har eg fleire store mål, men det største målet mitt er vel å få omsatt alle treningstimane mine siste året i fleire gode prestasjonar internasjonalt, og då spesielt i VM i Verbier i februar.

Hva synes du er det beste med randonee?

– Fjellet, leiken, flyten og energien dette gir. Samspelet og variasjonen i og mellom desse faktorane er jo sjølve grunnsteinen. Kjensla av å ha ein kropp full av energi ute i naturen – i eitt med fjellet, i eitt med elementet. Kontrasten mellom smerte, og fråvær av denne, det å vera sliten, og få energien tilbake og kjenne at eg er i live og at ting (kropp og utstyr) fungerer. Jo sterkare kontrastane i livet er, jo betre smaker det gode. Smerten/slitet ein av og til opplever på veg oppover, kan gi ein ny dimensjon til følelsen av flyt og leik på veg nedover igjen. Og om snøentilhøva er gode, og fjellet bratt – så er lukka komplett.

Hvordan ser en vanlig treningsuke ut for deg nå i oppkjøringen?

– 20 timar med variert trening no på hausten, og meir og meir spesifikt jo nærmare vinteren kjem. To-tre hardøkter fordelt utover veka, og resten av dagane med rolig trening gjerne langturar på mange timar i fjellet med joggesko, sykkel, og stavar.

Gode hardøkter for randonee no på hausten som eg kjører jevnleg er:

  • elghufs- eller spretten skigang-intervallar

  • fjellturar med stavar i lange motbakkar, hurtig gange med kilos blylodd på anklane

  • rulleski i bratt bakke

Elles prøver eg å variere både lengde, intensitet og aktivitet ganske mykje akkurat no, for å minske belastninga og ta vare på motivasjonen.

Jeg takker Lars Erik for praten, og kan skrive under på at han er i rute til vinteren. 

Publisert 8. oktober 2014 kl 21.39
Sist oppdatert 8. oktober 2014 kl 21.39
annonse
Relaterte artikler
annonse

Utemagasinet.no utgis av Fri Flyt AS | Postboks 1185 Sentrum, 0107 Oslo | Tlf: 21 95 14 20

Ansvarlig redaktør: Erlend Sande | Nyhetssjef: David Andresen Vesteng  | Journalist: Gunhild Aaslie Soldal | Tips til redaksjonen

Kommersiell leder: Alexander Hagen | Daglig leder: Anne Julie Saue